Klagerett

Klagerett

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på enkeltvedtak jf. forvaltningslova § 28.
Dette kan til dømes vere:

  • byggeløyve eller avslag
  • deling eller seksjonering
  • reguleringsplan
  • refusjon av utgifter til opparbeiding av veg
  • retting eller opphøyr av bruk
  • sikring og istandsetting av byggverk og installasjonar
  • sikring av byggeplass
  • stenging av løfteinnretning
  • opprydding av tomt
  • godkjenning av avkøyrsel
  • vedtak om adressering
  • andre forvaltningsvedtak


Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vere postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje mottatt vedtaket, er fristen tre veker frå du vart kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket. 
  • For planvedtak som vert offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.

Sjølv om du sender inn klaga for seint, kan vi i nokre tilfelle, etter ei konkret vurdering, handsame klaga.
Sjå forvaltningslova sine reglar om å klage på vedtak etter fristen.


Kven kan klage?

For at vi skal handsame klaga di, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du vere knytt til saka. Du kan også ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka omhandlar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verditap). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.


Slik klagar du

Det enklaste for deg og for oss er at du leverer inn klagen elektronisk: lenke til skjema for klage på enkeltvedtak

Dersom du heller vil levere klaga som eit vanleg brev eller e-post må du gjere følgjande:

  • Skriv at det er ei klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
  • Skriv kva forhold du har til saka, for eksempel at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra.
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at du sender inn dette.
  • Klaga må vere underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.

Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket skal stoppast til klaga er avgjort, må du legge ved ei eiga forklaring for dette (utsett iverksetting av vedtak).


Kvar sender du klaga?

Om du ikkje nyttar deg av skjemaløysinga vår skal klaga sendast på e-post til: postmottak@ulstein.kommune.no

Alternativt kan du sende klaga som brev til:

Ulstein kommune
Postboks 143
6067 Ulsteinvik


Sakshandsaming, dokumentinnsyn og rettleiing

Den instansen som har gjort vedtaket det vert klaga på, skal også behandle klaga.

Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert klaga sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.

Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette er forklart i forvaltningslova §§ 18 og 19. Du må i tilfelle ta kontakt med oss.

Vi kan også gi deg nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for sakshandsaming.


Kostnader ved klagesaka

Det er tilgang til å krevje dekning for vesentlege kostnader i samband med klagesaka. Føresetnaden er vanlegvis at vedtaket vert endra til ein fordel for ein part. Reglane om erstatning for sakskostnader er heimla i forvaltningslova § 36. Klageinstansen kan orientere deg om retten til å krevje slik dekning.

Relevant lenke

Forvaltningslova