Gravemelding

Alle som skal nytte gravemaskin (entreprenørar, verksemder og privatpersonar) i grunnen må melde i frå om dette før oppstart. Dette fordi ein skal kunne kartlegge og avklare om der ligg tekniske anlegg under jorda før gravinga tek til.

Fyll difor ut dette gravemeldingsskjemaet (PDF, 124 kB) og send det til postmottak@ulstein.kommune.no

Du må legge ved eit kart som viser kvar på eigedomen du skal grave. Kart kan hentast frå www.sunnmorskart.no 

Denne gravemeldinga gjeld berre for kommunale rør og leidningar. For å få oversikt over infrastrukturen til Tussa, Mørenett og Telenor m.fl. må du sjølv søke på www.ledningsportalen.no.

NB: Ei gravemelding er ikkje det same som eit byggjeløyve!

Kontakt

Harald Øvereng
avd. ingeniør driftsavd.
E-post
Mobil 920 13 179
Vegard Ertesvåg
ingeniør oppmåling/GIS
E-post
Telefon 70 01 76 04