Konsesjon

Konsesjon

Erverv av fast eigedom som arv, gåve, kjøp samt stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er konsesjonspliktige. Som erverv reknast og overtaking av andelar eller partar i ein eigedom. Det føreligg ei rekkje unntak frå lova, sjå rettleiing i skjema.

Dette gjeld kjøparar av eigedomar og leigetakarar til eigedomar med ei varigheit lenger enn 10 år.

Eit konsesjonspliktig erverv kan ikkje tinglysast med mindre konsesjon er gitt. Er de usikker på om eit erverv utløyser konsesjonsplikt, kan de vende dykk til kommunen der eigedomen ligg for å få hjelp til å avklare dette.


Skjemaet LDIR-360 ”Egenerklæring om konsesjonsfrihet ved erver av fast eiendom” skal som regel fyllast ut når ervervet er konsesjonsfritt. Det skal sendast til kommunen som attesterar og registrerer forholdet i matrikkelen (NB! Det skal ikkje lenger fylgje skøyte til tinglysing).


Klagefristen er 3 veker. Klaga skal stilast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og vil bli handsama av den instans som gjorde første vedtak. Opprettheld instansen vedtaket, vert saka sendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
Klagen skal sendast til:

Ulstein kommune,
Postboks 143,
6067 Ulsteinvik
 

Kontakt

Oda Jonette Hofset
Geomatikkingeniør
E-post
Mobil 48 99 60 92
Vegard Ertesvåg
ingeniør oppmåling/GIS
E-post
Telefon 90 47 56 29