Mindre byggearbeid

Mindre byggearbeid

Skal du levere inn dokument til oss i samband med mindre byggearbeid ?

Send det til oss via Kontaktskjema for byggesak og eigedom

Dette gjeld:

Her skal du legge ved PDF-filer som søknadsskjema, situasjonskart, teikningar, kvittering for nabovarsel osv.

På bebygd eigedom er der fleire mindre byggearbeid som du kan vere ansvarleg for sjølv. Nokre tiltak er unnateke søknadsplikta, medan andre krev søknad og løyve før igangsetting.

Mindre byggearbeid utan søknad

På bebygd eigedom er der mykje byggearbeid du kan gjere utan krav om søknad, vel og merke under visse føresetnadar.  Gjer deg kjend med kva vilkår som gjeld før du startar, då det er du sjølv som har ansvaret for å sjekke byggearbeida opp i mot regelverket og gjeldande planstatus for din eigedom.  Ikkje søknadspliktige tiltak kan vere:

  • tilbygg, altan og veranda inntil 15 m²
  • platting og terrassar på bakken
  • frittliggande bygning inntil 50 m² der ingen skal bu eller overnatte
  • riving av tiltaka ovanfor
  • badestamp og bolebad
  • enkle fasadeendringar
  • mindre fylling eller planering av terreng
  • gjerde og leveggar
  • pergola
  • reperasjon av bygningstekniske installasjonar
  • solcellepanel
  • støttemurar inntil høgde 1 m / 1,5 m dersom avstand til nabogrense er minst 1 m / 4 m
  • biloppstillingsplass
     

Les meir utfyllande om alle desse tiltaka her Bygge utan søknadsplikt

Det er nyttig å sette seg inn i korleis din eigedom er regulert - det finn du ved å søke på di adresse eller ditt gnr/bnr i vårt Planregister

Du kan også finne informasjon om dine eigedomar og andre nyttige kart her: Min eigedom / diverse kart

Sjå også regelverket i saksbehandlingsforskrifta (SAK10) om tiltak som ikkje krev søknad

NB: Sjølv om du bygger utan å søkje, skal kommunen ha melding om at det er ført opp ny bygning eller tilbygg når arbeidet er ferdig. Dette på grunn av oppdatering av kommunens kart og matrikkeldata.  Det er ikkje gebyr for denne typen melding.  Send inn meldinga her Kontaktskjema for byggesak og eigedom

Søknadspliktige, mindre byggearbeid

Som privatperson kan du sjølv stå føre søknad for følgjande mindre byggearbeid:

  • tilbygg inntil 50 m²
  • frittliggande bygning inntil 70 m² der ingen skal bu eller overnatte
  • riving av tiltaka ovanfor
  • bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel i ein bueining (t.d. gjere om bod til stove, soverom eller kjøkken)
  • nybygg, endring, tilbygging eller riving av driftsbygningar i landbruket inntil 1000 m²
  • sette opp mindre skilt


Les meir utfyllande om dette her Tiltak du kan søke om sjølv

Her finn du nødvendige Søknadsskjema for mindre byggearbeid 

Veit du ikkje kven som eig naboeigedomane du skal varsle? Kjøp Nabovarsel

For større byggeprosjekt må du bruke ein anvarleg søkjar for utarbeiding av søknaden. 
Les også om gode råd for bygging her Skal du bygge eller endre på huset ditt?

Kontaktinformasjon

Har du behov for å ha eit møte med oss på byggesak? Bestill dette kostnadsfritt via vår bookingløysing.  

Lurer du på noko, ta gjerne kontakt med oss på e-post byggesak@ulstein.kommune.no