Ferdigattest – mellombels bruksløyve

Ferdigattest – mellombels bruksløyve

Dersom du har søkt om å få bygge noko, skal du søke om ferdigattest når arbeidet er gjort. Byggverk må ikkje takast i bruk før du har fått mellombels bruksløyve eller ferdigattest.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknaden om ferdigattest eller mellombels bruksløyve, vil sakshandsamaren sjå etter om tiltaket er gjennomført som omsøkt og godkjent. Vedtaket vert så sendt ut til deg.

Kva kostar det?

I samband med overgang til sjølvkostberekning i 2022 er det vedteke gebyrregulativ der mellombels bruksløyve og ferdigattest, for søknadar som er underlagt ansvarsrett (pbl § 20-3), har gebyr etter desse satsane:

2024 Mellombels bruksløyve og Ferdigattest
Vedtak Pris
Mellombels bruksløyve (pr. vedtak) 2 915 kr
Ferdigattest 2 915 kr

 merk: det er ikkje gebyr for mellombels bruksløyve og ferdigattest i saker utan ansvarsrett (for mindre byggeprosjekt)

Det blir ikkje berekna meirverdiavgift på gebyr etter plan- og bygningslova.
 

Korleis får du tenesta?

Dersom tiltaket er underlagt med ansvar (pbl § 20-3) skal søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve sendast inn av ansvarleg søkjar.  Dersom du sjølv har søkt for eit mindre byggeprosjekt, som t.d. garasje, tilbygg osv.  er det du som skal fylle ut det aktuelle søknadskjemaet under, skrive til PDF / laste ned og sende det til postmottak@ulstein.kommune.no  

Søknadsskjema for ferdigattest

Søknadsskjema for mellombels bruksløyve

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Nyttige lenker

Meir informasjon om ferdigattest, Direktoratet for byggkvalitet (dibk)

Plan- og bygningslova

  
  

Kontakt

Arild Støylen
fagansvarleg byggesak/miljøvern
E-post
Telefon 70 01 76 06
Arnfinn Rørvik
ingeniør byggesak/bustadkonsulent
E-post
Telefon 70 01 76 08
Trine Sæter
ingeniør byggesak/eigedomskatt
E-post
Mobil 46 88 07 87