Meld inn praksisplass for flyktningar
Mange flyktningar treng praksisplass. Kan arbeidsplassen din bidra?
Deltakarar som er i praksis har rett til introduksjonsstønad. Det vil seie at det er kommunen som betalar lønn mens deltakaren er i arbeidspraksis.
Uforpliktande kontaktskjema finn du her
Kvifor skal du tilby praksisplass?
- Deltakar i praksis kan bidra med arbeidskraft
- Gir verksemda moglegheit til å rekruttere
- Det har positiv effekt på arbeidsmiljøet
- De bidreg til fleire i jobb og eit sosialt berekraftig samfunn
Kva forpliktar verksemda seg til?
- Inkludere deltakaren fagleg og sosialt på arbeidsplassen
- Motivere deltakar til å lære om norsk arbeidsliv og å snakke norsk
- Ha ein medarbeidar som hjelper deltakar på arbeidsplassen
- Gi deltakar ein attest eller referanse til hjelp ved framtidig jobbsøk
Kva tilbyr vi verksemda?
- Dei får ein fast kontaktperson og tett oppfølging på arbeidsplassen
- Vi kartlegg og matchar rett deltakar til rett arbeidsplass
- Vi gir god råd og tips til språkfadderane
- På sikt kan vi hjelpe til med å søke om arbeidsretta tilskot frå Nav
Kven er dei som treng praksis?
- Flyktningar som nyleg har kome til Noreg
- Dei får norskopplæring og deltek i introduksjonsprogrammet
- Dei er motivert og ønsker å lære
Publisert 17.11.2022 11:48
Sist endra 02.01.2024 10:09