Vil du bidra til god inkludering?
Ulsteinsamfunnet er eit flott lokalsamfunn. Stadig høyrer vi gode forteljingar om eit inkluderande samfunn. Integreringsarbeid er ikkje først og fremst ei kommunal teneste. Integrering og inkludering skjer på arbeidsplassar, skule og barnehage, i lag og organisasjonar, grannelag og så bortetter. Ein blir aldri ferdig med god inkludering og integrering. Vi må alle stadig jobbe for at samfunnet vårt har god plass til alle og at alle finn seg til rette.
Om du ønsker å engasjere deg for eit inkluderande lokalsamfunn er moglegheitene svært mange. Under følgjer nokre alternativ til stader å engasjere seg:
Frivilligsentralen
Flyktningven
- Kontaktfamilie/-person for nye flyktningar
- Kontaktinformasjon: Flyktningtenesta, ved Lena Løseth
Samtale i norskopplæringa
- Samtaletrening med norskelevar på Kompetansesenteret ca. to tysdagar i månaden
- Kontaktinformasjon: Kompetansesenteret, ved Mali Åm
Ulsteinvik sanitetsforening
- Språkvenn-gruppa “Solsikkene” møtast ca. éin onsdag i månaden
- Kontaktperson: Lena Løseth
Flø fotball, menn senior
Veit du om andre integreringstilbod?
Ta gjerne kontakt om du veit om andre integreringstilbod som det burde vore opplyst om på denne sida, eller om det er feil i informasjonen, slik at vi kan oppdatere artikkelen.
Publisert 25.03.2020 13:53
Sist endra 02.01.2024 10:09