Kven kan få spesialundervisning?
Opplæringslova gir rett til spesialundervisning for vaksne som ikkje klarer å nyttiggjere seg det vanlege grunnskuletilbodet for vaksne. Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne.
Vaksne som har behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter kan også ha rett til spesialundervisning. Denne opplæringa er lagt til Ulstein kompetansesenter, som er ein del av eininga Inkludering og mangfald i Ulstein.
Kompetansesenteret gir tilbod til vaksne med:
- medfødd eller erverva funksjonsnedsetjing
- synshemming
- høyrselshemming
- språk- eller talevanskar, afasi
- spesifikke lærevanskar
Før skulen gir tilbod om spesialundervisning skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering.
Kva fag blir det gitt spesialundervisning i?
Grunnleggande ferdigheiter i grunnskulefag og i grunnleggande ferdigheiter som:
- kommunikasjon
- lesing/skriving
- rekning
- digitale ferdigheiter/bruk av IKT
- ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon)
- opplæring i bruk av diverse hjelpemiddel
- synspedagogisk opplæring:
- punktskrift
- mobilitet
- synstrening - høyrselspedagogisk opplæring:
- opplæring i teikn som støtte for tale
- lyttelæring etter CI - ADL (dagleglivets aktivitetar)
- sansestimulering
- Snoezelenavdeling (PDF, 99 kB)
Korleis søker du?
Du søker til Ulstein kompetansesenter på dette skjemaet.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.