Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar

Norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar

Treng du eller nokon du kjenner å lære norsk? Ulstein kompetansesenter gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar på ulike spor og nivå frå alfabetisering til B2.


Kven er opplæringa for?

Er du mellom 16 og 67 år og ikkje kan norsk, eller treng å bli betre i norsk, kan du kontakte oss for meir informasjon om aktuelle kurs.

Desse har rett og plikt til 600 timar med gratis norskopplæring:

  • flyktningar busette i kommunen
  • familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
  • asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting

50 av dei 600 timane skal vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår godt. Dei som treng meir undervisning, kan få inntil 2700 timar i tillegg til dei obligatoriske timane. Dei første 600 timane må takast ut innan tre år.

Asylsøkjarar har rett til 175 timar gratis norskopplæring.


Desse har ikkje rett til gratis norskopplæring:

  • nordiske borgarar (dvs. statsborgarar frå Danmark, Finland, Island, Sverige eller Noreg)
  • studentar og arbeidsinnvandrarar, og deira familiemedlemmer
  • innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har utgått 3-årsfrist

Prisar og kurslengd vil variere. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.

På Kompetanse Norge finn du meir informasjon om aktuelt regelverk.

 

Kva nivå vil du starte på, og når kan du starte?

Vi underviser etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar som dekker nivåa A1-B2. Det vil variere kva kurs vi har til ei kvar tid. Våren 2020 har vi deltakarar på alle nivåa:

  • Alfabetiseringskurs
  • Nybegynnarkurs (A1)/beginner
  • Mellomnivåkurs (A2)/intermediate
  • Vidaregåande kurs (B1)/intermediate
  • Vidaregåande kurs (B2)/advanced

Etter at du er kartlagt og har hatt ei eventuell språkprøve, blir du plassert i ei gruppe som er tilpassa nivået ditt. Du får normalt svar innan ei veke, og kan starte så snart det er ledig plass i ei gruppe på ditt nivå.


Når har vi norskkurs?

Dei fleste kursa våre går på dagtid frå kl 8:30 til kl 12:00. Dersom det er nok påmelde, kan vi tilby kurs på andre tider, eller reine nettkurs.


Korleis søker du på norskkurs?

Ta kontakt med inspektør Mali Åm på telefon 70 01 77 80 / 476 35 253, eller på e-post: mali.am@ulstein.kommune.no. Du kan også kontakte oss ved oppmøte på Ulstein kompetansesenter, Reiten 22. Ulsteinvik (sjå kart), eller søk elektronisk i dette skjemaet.

 

Kva eksamenar arrangerer vi?

  • Norsk munnleg og skriftleg (digitalt) på nivå A1, A2, B1 og B2
  • Samfunnskunnskapseksamen på morsmålet ditt
  • Statsborgarprøva på norsk

Norskprøvene A1-B2 blir normalt gjennomført 3-4 gongar i året, nasjonale datoar.

Samfunnskunnskaps- og statsborgarprøva blir gjennomført ca 5-8 gongar i året, lokale datoar.

For oppdatert informasjon om eksamensinnhald og organisering, sjekk sidene til Kompetanse Norge.

 

Søke om fritak frå norskopplæring eller eksamen?

Vi gjennomfører norskprøven to til tre gongar i året. Dersom du ønskjer å søkje om permanent opphald eller statsborgarskap, må du ta norskeksamen eller dokumentere norskkunnskapar frå eit anna skuleslag, og søkje om fritak.

Her er skjemaet for å søke fritak.
 

 

Eksamensprisar for Møre og Romsdal i 2020

Dei som har rett til gratis norskkurs, har rett på gratis eksamen med eitt forsøk. Skal du ta ny eksamen må du betale;

Eksamensprisar - vaksenopplæring
Norsk munnleg eksamen Norsk skriftleg eksamen (3 delprøver: skrive, lese og lytte) Samfunnskunnskapseksamen Statsborarprøve (ikkje gratis for nokon)
800 kroner 800 kroner 500 kroner 500 kroner

Kontakt

Mali Åm
inspektør og avdelingsleiar kompetansesenteret
E-post
Telefon 70 01 77 80
Mobil 47 63 52 53