Logoped

Logoped

 

Kva er ein logoped?

Ein logoped gir hjelp til personar som har ulike former for kommunikasjonsvanskar, vanskar med uttale/språklydar, taleflyt og/eller stemme.
 

Kven kan ha nytte av tenesta?

Logopedi kan vere aktuelt for personar med stemmevanskar, taleflytvanskar (f.eks. stamming og/eller løpsk tale), språkvanskar (inkludert lese- og skrivevanskar), vanskar med uttale, og spise- og svelgvanskar.

Vanskane kan vere medfødde, eller ha kome på grunn av sjukdom eller skade som har oppstått i løpet av livet.
 

Kva logopeden kan hjelpe deg med

  • Rettleie foreldre og/eller personalet i barnehage og skule
  • Gi brukaren direkte og/eller indirekte behandling på bakgrunn av logopedisk utredning. Vi jobbar med spesifikk trening av språk og språklyd/kommunikasjon, og indirekte ved samarbeid og rettleiing i høve skule/barnehage/føresette/helsestasjon/PPT m.fl.
  • Den kommunale logopeden tar i mot brukarar på logopedkontoret. Ved behov reiser logopeden ut til barnehagar, skular og heimar.
  • Kartlegge for eventuell vidare tilvising

Er du i tvil om saka bør tilvisast til logopedtenesta, ta gjerne kontakt med logoped på telefon eller e-post for å snakke om saka.
 

Korleis bli tilvist logoped?

Ta kontakt med fastlege, skule, barnehage eller helsestasjon om du trur at du eller barnet ditt har behov for tilvising til logoped. Ved tilvising skal søknadsskjema for logopedisk hjelp nyttast, og sendast inn saman med signert samtykke til samhandling.

Lenke: Skjema for logopedisk hjelp

Send skjema til kommunelogoped Heidi Kvalvik, Ulstein kommune, Postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Tenesta er retta mot brukarar i Ulstein kommune. Alle nye saker blir vurdert, og ein tek omsyn til brukaren sitt behov og logopeden sin kapasitet.

Logopedhjelp i barnehage, grunnskule og for vaksne - Forholdet mellom Opplæringslova og Folketrygdlova. (PDF, 185 kB)

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

 

Privatpraktiserande logopedar

Det er kommunane og fylkeskommunane sitt ansvar å gi tilbod om behandling hjå logoped og audiopedagog til barn, ungdom og vaksne, som har rett til eit spesialpedagogisk tilbod etter opplæringslova. Den kommunale logopeden i Ulstein har fokus på barn og unge.

Helfo kan i visse tilfelle gi stønad til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped og audiopedagog etter folketrygdlova, dersom det offentlege ikkje yter stønad etter anna lov. Meir informasjon om dette på Helfo sine nettsider.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål. Den kommunale logopeden kan rettleie deg i søkeprosessen.

 

Kontaktinformasjon

Heidi Kvalvik er logoped i Ulstein kommune. Logopeden har kontor ved Ulstein Kompetansesenteret på Reiten, Reiten 20.

 

Når kan du vente svar?

Søknadar vert fortløpande behandla. Du får skriftleg melding om vedtak.
 

Klage på vedtak?

Finn du grunn til å klage på vedtak er klagefristen tre veker.

Du kan sende skriftleg klage til Ulstein kommune v/kommunalsjef helse og omsorg, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.

Om vedtaket ikkje vert omgjort, vert klagen sendt til Fylkesmannen som klageinstans.



 

Kontakt

Heidi Kvalvik
logoped kompetansesenteret
E-post
Telefon 70 01 77 83
Mobil 98 23 06 61