Flyktning

Flyktning

Flyktningtenesta er ein del av eininga «Inkludering i og mangfald i Ulstein», og har ansvar for busetting og oppfølging av flyktningar, og for introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar.


Busetting av flyktningar i Ulstein

Ulstein kommune buset flyktningar etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Kommunestyret vedtek kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen, etter oppmoding frå IMDi. 

Flyktningtenesta står ansvarlege for busetting av flyktningar som kommunen vert tildelt av IMDi. Etter busettinga sørger flyktningtenesta for oppfølging av flyktningane, med mål om at dei skal verte aktive deltakarar i lokalsamfunnet i Ulstein.

 
Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar 

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringstilbod til nykomne flyktningar som er busett i Ulstein kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Familiesameinte til flyktningar kan også delta. Målsettinga er at du skal bli økonomisk sjølvstendig gjennom utdanning og/eller jobb etter to år. Mykje av opplæringa vert gjort av Ulstein kompetansesenter. 


Føresetnad for å delta er:

  • du har behov for grunnleggjande kvalifisering
  • du er i alderen 18 til 55 år
  • du har budd i landet under 2 år
  • du har fått asyl (utlendingsloven § 28), er overføringsflyktning (utlendingsloven § 35), har fornybar opphaldsløyve (utlendingsloven § 38 og § 53) eller har fått opphald som familiemedlem til personar som nemnt her. 
  • lista er ikkje uttømmande. Her er meir info om kven som har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet

 

Korleis starte introduksjonsprogrammet?

Flyktningar som busettast i Ulstein kommune etter avtale med IMDi, vil få innkalling til samtale av programrådgjevar ved flyktningtenesta. Personar som kjem ved familieinnvandring må sjølv søke seg inn i programmet.

 

Kva er introduksjonsprogrammet?

Formålet med introduksjonsprogrammet er å styrke nykomne innvandrarars moglegheit for deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.

Introduksjonsprogrammet skal leggast til rette for personar som har behov for grunnleggande kvalifisering. Introduksjonsprogrammet tar sikte på å:

  • gi grunnleggande ferdigheiter i norsk
  • gi grunnleggande innsikt i norsk samfunnsfag
  • førebu til deltaking i yrkeslivet

Programmet skal vere heilårig og på fulltid. Programmet skal minst innehalde:

  • norskopplæring
  • samfunnskunnskap
  • arbeids- eller utdanningsretta tiltak.

Som deltakar  i introduksjonsprogrammet får du introduksjonsstønad. På årsbasis utgjer dette to gongar grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år mottar 2/3 stønad. 

 

Krav til deltaking

For å kunne motta introduksjonsstønad må ein delta aktivt i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet følgjer arbeidslivets reglar for frammøte, og ikkje gyldig fråver fører til trekk i stønad.

 

Kontaktperson/programrådgjevar

Kvar deltakar får ein kontaktperson/programrådgjevar ved flyktningtenesta i Ulstein. Kontaktpersonen blir kalla programrådgjevar og har oppfølgingsansvar i heile programperioden.
 

Kontakt

Lars Erling Bjåstad Hovlid
einingsleiar
E-post
Telefon 70 01 77 81
Mobil 91 63 52 77
Lena Værnes Løseth
teamleiar og konsulent flyktningtenesta
E-post
Telefon 70 01 77 84
Mobil 90 97 61 05