Måltid i barnehagen

Måltid i barnehagen

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Måltida i barnehagen utgjer ein vesentleg del av barna sitt daglege inntak av mat og drikke. Det som vert servert har derfor stor betydning for barna sitt kosthald og matvanar, og dermed helse. Vi gjer bevisste val i høve kva mat som vert servert og korleis. Vi serverer varm lunsj 1-2 gonger per veke, bakar eige brød, lagar mat på bål ute og har eigen kjøkkenhage der vi dyrkar grønsaker. Vi legg vekt på å lage mat frå botnen av. Vi komposterer også kjøkkenavfall.

Sundgotmarka barnehage følger Helsedirektoratet sin Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i barnehagen.