Oppseiing av barnehageplassOppseiing av barnehageplass skal gå fram av den enkelte barnehage sine vedtekter. Vedtektene kan variere frå barnehage til barnehage, så dersom du ønskjer å seie opp barnehageplassen, så ta direkte kontakt med din barnehage. Her er oversikt over alle barnehagane i Ulstein Oppseiing av plass i dei to kommunale barnehagane, Almejordet barnehage og Sundgotmarka barnehage, går fram av vedtektene, og er omtalt i § 4.6 OPPSEIING OG ENDRING AV PLASS og § 4. OPPTAK § 4.6 OPPSEIING OG ENDRING Oppseiing av plass skal skje på elektronisk skjema. Oppseiingstida er to månadar frå den 1. i månaden etter oppseiingsdato. Dette gjeld også for reduksjon av plass. Dersom barnehagen får fylt opp plassen før oppseiingstida er ute, fell krav om betaling for meir enn ein månad vekk. 4. OPPTAK Barn som er tildelt plass og bur i Ulstein kommune, beheld plassen til 31.juli det året dei startar på skule. Dersom barna flyttar til ein annan kommune i løpet av barnehageåret, vil dei miste plassen etter enda barnehageår. Publisert 12.11.2018 13:31 Sist endra 18.07.2023 04:47