Fråvær og fritak frå undervisning

Fråvær og fritak frå undervisning

Alle born i Noreg har i følgje opplæringslova skulerett og skuleplikt. Det er føresette sitt ansvar at borna møter presis på skulen kvar dag. Likevel kan det skje at ein elev vert sjuk eller at det er behov for å søke om permisjon.

Ved sjukdom og fritak skal føresette melde frå slik:

Ved sjukdom:

  • Meld frå i Vigilo-appen når eleven er sjuk eller er borte frå skulen på grunn av legebesøk, tannlege eller liknande.
  • Dersom skulen ikkje høyrer noko i løpet av tre skuledagar vil kontaktlærar for eleven ta kontakt med føresette.

Ved søknad om fritak

  • Fritak frå undervisning kan berre skje etter søknad frå føresette.
  • Søknad må sendast skulen i god tid før planlagt fråvær, og seinast 1 veke før.
  • Fritak inntil 1 dag kan verte gitt av kontaktlærar.
  • Fritak 2-10 skuledagar kan verte gitt av rektor. Søknad med grunngjeving skal skje skriftleg på eige digital skjema: https://skjema.ssikt.no/Ulstein/ eller direktelenke til skjema.
  • Rektor vurderer saka og sender skriftleg svar.

Generelle vilkår

  • Skulen oppmodar om å legge ferie- og fritidsreiser til skulen sine feriar.
  • Kommunen har etter opplæringslova ikkje høve til å gje permisjon frå den pliktige undervisninga i meir enn 2 veker.
  • Når føresette søkjer om fritak frå undervisning får føresette i denne perioden fullt ansvar for opplæringa. Ved å kontakte kontaktlærar kan ein få oversikt over kva emne klassa arbeider med i fritaksperioden. Dersom vekeplan er klar før eleven reiser kan ein få med seg denne som hjelp.