Ulstein kommune inviterer alle seniorar til SeniorSmart: Lær og lev betre!
Noreg har blitt eit digitalt samfunn, der du treng grunnleggande ferdigheiter for å henge med. Bank, helse og offentlege tenester er på nett – og det kan vere utfordrande.
Ulstein kommune ønsker at du skal ha eit godt liv som senior. Vi inviterer difor alle seniorar i Ulstein til SeniorSmart. Her kan du delta i to spennande tilbod: SeniorSurf og SeniorTimen!
Tilbodet er gratis. Kom gjerne 15 minutt før for litt kaffi og prat før vi startar.
Vi gler oss til å sjå deg!