SeniorSmartUlstein kommune inviterer alle seniorar til SeniorSmart: Lær og lev betre! Noreg har blitt eit digitalt samfunn, der du treng grunnleggande ferdigheiter for å henge med. Bank, helse og offentlege tenester er på nett – og det kan vere utfordrande.Ulstein kommune ønsker at du skal ha eit godt liv som senior. Vi inviterer difor alle seniorar i Ulstein til SeniorSmart. Her kan du delta i to spennande tilbod: SeniorSurf og SeniorTimen!Tilbodet er gratis. Kom gjerne 15 minutt før for litt kaffi og prat før vi startar.Vi gler oss til å sjå deg! Trykk på boksene for å finne meir informasjon: Vårprogram 2026Nytt program for våren 2026 vert publisert så snart det er klart.Har du innspel til tema? - Send oss gjerne ein e-post;kari.marie.ovreboe@ulstein.kommune.no Alle samlingane er på Ulstein bibliotek, torsdagar mellom klokka 11.30–13.00. Tid og stadSeniorTimen og SeniorSurf har samlingane sine på Ulstein bibliotek, torsdagar klokka 11.30–13.00. SeniorSurf – lær deg å meistre den digitale kvardagenHer får du opplæring i alt frå grunnleggande datakunnskap til litt meir avanserte ferdigheiter. Kurset passar både for nybegynnarar og deg med litt erfaring. Undervisninga er lett og praktisk, med kjekke oppgåver om nyttige tema. Ta med eigen berbar PC, nettbrett eller smarttelefon. Om du ikkje har BankID app, bør du ta med deg kodebrikka di.Vi har litt utstyr til utlån ved behov.SeniorTimen – nyttig informasjon for ein god kvardagSeniorTimen gir deg kunnskap om viktige tema som aktivitet og fellesskap, velferdsteknologi, omsorgsbustadar, helse, mat og andre aktuelle tema. Dei fleste eldre i Noreg lever aktive og sjølvstendige liv, men når behovet for hjelp aukar, er det viktig å kjenne til dei moglegheitene som finst. Tilboda varierer frå kommune til kommune, og gjennom SeniorTimen får du informasjon og verktøy for å leve eit sunt og aktivt liv i Ulstein SeniorGamingDette er eit tilbod vi arbeider med å sette i gang i 2026. Meir informasjon kjem etter kvart. _________SeniorGaming vil bli eit nytt tilbod for deg som er senior og har lyst til å utforske speleverda saman med ungdommar frå nærområdet.Her får du høve til å lære, leike og knyte kontakt på tvers av generasjonar – i eit inkluderande og sosialt miljø.Gjennom spel og aktivitetar byggjer vi bru mellom unge og eldre, og skapar rom for felles opplevingar, latter og læring. Du treng ikkje vere erfaren med dataspel – det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å vere med. Informasjonsfolder med haustprogrammet (til utskrift) (PDF, 278 kB) Adobe Stock Publisert 16.09.2025 11:41 Sist endra 20.01.2026 08:37