Plan for naturmangfaldet i Ulstein - Offentleg ettersyn

Plan for naturmangfaldet i Ulstein - Offentleg ettersyn

Frist for å kome med innspel: 30. januar 2026.

Frosk sit på ein finger. - Klikk for stort bileteFrosk

Ulstein formannskap vedtok den 18.11.2025 å leggje Plan for naturmangfaldet i Ulstein ut til offentleg ettersyn. 

Ulstein kommune har engasjert Norconsult til å utarbeide kunnskapsgrunnlag og eit utkast til temaplan for naturmangfaldet. Dei er utarbeidd på grunnlag av tilskotsmidlar frå Miljødirektoratet. Planen med kunnskapsgrunnlag skal gi ei oversikt over naturmangfaldet i Ulstein kommune, og legge rammer for ei heilskapleg og berekraftig forvaltning av naturområda. 

Målet med planen er å ta vare på og styrke naturmangfaldet i Ulstein gjennom berekraftig bruk og vern. Planen definerer fem strategiar for å få nå dette målet:

  1. Auke og oppdatere kunnskapen om naturmangfaldet
  2. Gi føringar for arealplanlegging og byggesak
  3. Legge til rette for berekraftig arealforvaltning
  4. Sette naturmangfald på dagsorden
  5. Restaurere og verne meir natur

Under kvar strategi er det sett opp ulike tiltak.

Temaplan for naturmangfaldet i Ulstein (PDF, 2 MB)

Kunnskapsgrunnlag - naturmangfaldet i Ulstein (PDF, 3 MB)

Innspel til planarbeidet sendast til Ulstein kommune v/teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik eller via skjema du finn her: Kontakt oss  innan 30.01.2026.