Handlingsplan for trafikktrygging ved skulesamanslåing - høyring og offentleg ettersyn

Handlingsplan for trafikktrygging ved skulesamanslåing - høyring og offentleg ettersyn

Frist for å kome med innspel: 20. januar 2026

Kart over skuleveg og snarvegar - Klikk for stort bileteKart over skuleveg og snarvegar

I samband med skulestruktursaka kommunestyret handsama 11.9.2025, var det vedteke at trafikksituasjonen for elevane frå Ulstein skule skal vere fullt ut tilfredsstillande frå skulestart 2026.

Administrasjonen har utarbeidd ei oversikt over status for trafikktilhøva og lagt fram aktuelle tiltak for å sikre elevane ved Ulstein skule både med tanke på skuleskyss og trygg gang- og sykkeltrafikk.

I møte 11.12.2025 vart handlingsplanen lagt fram, og kommunestyret gjorde følgjande vedtak:

Kommunestyret sluttar seg til hovudtrekka for tiltak, prioritering og framdrift for trafikktrygging til og frå skuleområdet i Ulsteinvik sentrum slik dette går fram av handlingsplan datert 26.11.2025 vedlagt saka.

Framlegget til handlingsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring før ny handsaming i kommunestyret tidleg i 2026. Skiltplan utarbeidd av administrasjonen er også ein del av høyringa.

Kommunestyret går inn for at oppgradering av krysset Vikemyra - Gjerdegata vert gjennomført i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Kommunestyret ber administrasjonen om å starte grunnforhandlingar med dei involverte eigarane om naudsynt grunnerverv.

Innspel til handlingsplanen sendast til Ulstein kommune v/teknisk etat, postboks 143, 6067 Ulsteinvik eller via skjema du finn her: Kontakt oss  innan 20.01.2026.

Handlingsplan Tiltak for trygg trafikk til og frå skuleområdet i Ulsteinvik

Analyse for området ved Skulekrysset

Tryggleiksvurdering av Bakkegata, Gjerdegata og Kyrkjegata

Referat frå synfaring og møte om skuleskyss til busstopp i Gjerdegata 

Kart

Skiltplan (PDF, 13 MB)