Framgangsmåten ved varsling skal vere forsvarleg. Du kan varsle munnleg eller skrifteleg og det er ingen formkrav til innhaldet i varselet. Du må vere tydeleg om forholdet du varslar om.
Varselet bør innehalde
- namn på verksemd og avdeling eller eining
- konkrete opplysingar om kva forholdet gjeld
- tid og stad for det kritikkverdige forholdet
- personar som har kunnskap om forholdet
Det er ein fordel om du har dokumentasjon som kan underbygge påstandane i varselet.
Dersom varselet ikkje inneheld tilstrekkelege opplysingar og det ikkje er mogeleg å innhente ytterlegare informasjon (ved anonymitet), vil saka ikkje kunne behandlast.
Vurder om det er føremålstenleg å kontakte andre for å avklare saka før du vel å varsle. Du kan for eksempel søke råd hos kollegaer, tillitsvald, verneombod, tilsynsmyndigheiter eller annan tredjepart.
Du kan varsle via elektronisk skjema, telefon, personleg oppmøte eller post.