Informasjon under ei krise

Informasjon under ei krise

Falsk informasjon

Startfasen av ei krise kan vere svært uoversiktleg. Då kan det vere informasjon i omløp som ikkje er korrekt. I enkelte situasjonar kan det til og med vere at personar og aktørar medvite deler slik informasjon for å forvirre og øydelegge. 

Søk difor først informasjon frå offentlege aktørar.

 

Lytt til offentlege kjelder

Ulstein kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss, på våre nettsider. Vårt råd er difor å alltid gå til ulstein.kommune.no om ei krise oppstår.

Informasjon herifrå vil vi dele i og med andre kanalar. Sentralt her er Facebook, redaktørstyrte mediar og relevante brukarsystem (som skule- og barnehageportalen Vigilo).

Kommunen kan også nytte varslingssystem for raskt å nå mange, om det skulle vere behov. Tilsvarande har også politiet og sivilforsvaret gjennom sitt naudvarsel.

Vi vil også dele vidare informasjon frå andre offentlege aktørar så langt som råd, men du kan også sjekke ut informasjon frå desse på eiga hand. Det kan vere informasjon frå politi, brannvesen, helsevesen, sivilforsvar med meir.

Telefon

Ved større hendingar vil kommunen opprette eigne telefonlinjer inn, der pårørande eller andre kan få svar på spørsmål. 

 

Dersom internett og telefon ikkje fungerer

Ved eit straumbrot vil fast internett gå ned med ein gong. Mobilnettet har batterikapasitet til å levere telefoni og internett i to til fire timar. Etter dette vil du ikkje kunne nå nettsidene til kommunen eller andre viktige aktørar. Det er då to moglegheiter:

  1. Radio 
    Alle bør ha ein batteridriven DAB-radio som ein del av eigenberedskapen. Eventuelt kan radioen i bilen nyttast. Via NRK vil offentlege aktørar kunne dele informasjon i nyheitssendingar.
     
  2. Fysisk oppmøte
    Dersom alle andre kanalar er nede, vil vi opprette informasjonspunkt på rådhuset. Her vil vi henge opp skriftleg informasjon og ha personell tilgjengeleg som kan svare på spørsmål (delar av døgnet i alle fall). Her kan du også få kontakt med lege/naudetatar.