No kan du førehandsrøyste på biblioteket

No kan du førehandsrøyste på biblioteket

Frå 11. august kan du førehandsrøyste til stortings- og sametingsvalet 2025.

Birgitte med to røystesetlar og Zari med røysteurne. Røystebås med røystesetlar i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteBirgitte Vikanes og Zari Demirova er to av dei du vil møte under førehandsrøysteperioden i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Frå 11. august til 5. september kan du førehandsrøyste på Ulstein bibliotek. Vi har ope kvar dag frå klokka 11.00, bortsett frå søndagar.

Hugs legitimasjon med bilde.

Opningstider

Vi skal også besøke skular og institusjonar, og tek også heimebesøk for dei som treng det. 

Les meir om valet på samlesida vår:

Val 2025

PS: Frå 1. juli til 10. august hadde vi tidlegrøysting på rådhuset, og fekk inn 43 røyster. Det er rekord! Vi håper mange også tek turen for å førehandsrøyste på biblioteket på Ulstein Arena. Ved stortingsvalet i 2021 var det heile 3 058 som førehandsrøysta!

Bruk røysteretten din! 

Desse stiller liste i Møre og Romsdal

Ved stortingsvalet 2025 skal det veljast åtte mandat frå Møre og Romsdal til Stortinget.

I Møre og Romsdal er det godkjent 18 listeforslag til valet:

  • Arbeidarpartiet 
  • Fred og Rettferd 
  • Framstegspartiet 
  • Generasjonspartiet 
  • Høgre 
  • Industri- og Næringspartiet 
  • Konservativt 
  • Kristeleg Folkeparti 
  • Miljøpartiet Dei Grøne 
  • Noregsdemokratane 
  • Partiet DNI 
  • Partiet Sentrum 
  • Pensjonistpartiet
  • Rødt
  • Senterpartiet
  • SV - Sosialistisk Venstreparti 
  • Velferd og Innovasjonspartiet 
  • Venstre

Liste over alle kandidatane finn du her: 
Godkjente listeforslag – Møre og Romsdal fylkeskommune

Desse stiller liste i dei andre fylka