Målet er å sikre eit berekraftig, framtidsretta og fagleg sterkt skuletilbod for alle elevar i kommunen.
Adobe Stock
Breitt engasjement
Kommunestyret la i juni saka om organisering av oppvekst- og kulturetaten ut til høyring med frist 10. august. Høyringsprosessen har vist eit stort og breitt engasjement. Vi ser at dette er ei sak som grip inn i kvardagen til mange familiar, og at spørsmålet om framtidig skulestruktur vekkjer både sterke kjensler og reelle bekymringar. Mange av innspela er grundige og vitnar om sterk tilknyting til skule og nærmiljø.
Administrasjonen takkar for alle bidrag, både frå enkeltpersonar, FAU, lag og organisasjonar.
Vi har gått nøye gjennom alle innspela.
Sakspapir og spørsmål
Folkevalde har høve til å stille spørsmål i samband med handsaming av politiske saker.
I sakene Organisering av oppvekst- og kulturetaten og sak om oppfølging av budsjett og økonomiplan for 2025 publiserer vi svara vi har gitt på spørsmål her:
Spørsmål og svar
Saksframlegg og vedlegg i saka organisering av oppvekst- og kulturetaten finn du her:
Saksframlegg frå kommunedirektøren om budsjett og økonomiplan finn du her:
Demografiske og økonomiske utfordringar
Bakgrunnen for tilrådinga er ei utvikling der vi vert færre barn og elevar. Kommunedirektøren sitt mål har vore å legge eit solid grunnlag for politisk handsaming slik at vedtak sikrar langsiktige, stabile og gode rammer for elevane, føresette og tilsette i framtida. Det er viktig å vere ærleg om utfordringsbildet. Elevtalet i grunnskulen 1.–7. klasse har gått ned med over 12 prosent sidan 2010, og prognosane framover viser eit stabilt, men lågare nivå. Samstundes har kommunen overkapasitet på nær 60 prosent i skulebygga. Dette gir spreiing av ressursar, press på lærartettleik og vanskelegare vilkår for å byggje robuste fagmiljø.
Kvalitet viktigare enn klassestorleik
Administrasjonen peikar på at det avgjerande for læring og trivsel ikkje er klassestorleiken i seg sjølv, men kvaliteten på undervisninga, relasjonane og det systematiske arbeidet i skulen. Forsking underbyggjer dette. Ei bekymring er at utan strukturendringar vil ressursar til tidleg innsats og deling av grupper bli svekka av økonomiske årsaker.
Skulemiljø og reiseveg
Fleire innspel har løfta fram det psykososiale miljøet. Fleire av skulane våre har låge tal på mobbing. Det vitnar om at det blir jobba systematisk og godt med eit trygt og godt skulemiljø. Låge tal eitt år er ingen garanti for neste, og kommunen må derfor halde fram med kontinuerleg og systematisk innsats for eit trygt og godt skulemiljø ved alle skular.
Reiseveg har også vore tema i høyringa. Ei undersøking viser at nær 70 prosent av føresette aksepterer reisetid på 10–30 minutt. Der er gjennomført møte med Fylkeskommunen om endring i busstransporten ved strukturendring. Premissane om at barn som går på barneskulen, som skal ha skuleskyss, blir levert og henta ved Ulstein Arena står fast.
Barnehagestruktur ein del av heilskapen
Barnehagesektoren er også del av heilskapsvurderinga. I sitt høyringssvar uttrykkjer dei tilsette ved Almejordet barnehage positive forventningar til å flytte til ny barnehage på Skeide, dersom Ulstein skule blir lagt ned. Dei peikar på at dagens lokale ikkje er godkjent, har avgrensa kapasitet og manglar tilpassa fasilitetar. Ei ny løysing vil kunne styrke fagmiljøet og gi betre samarbeid med skulen. Dette vert støtta av tilsette ved Høddvoll barnehage som meiner at større einingar gir betre vilkår for fagleg utvikling, kompetansedeling og stabilitet.
Høyringsinnspel frå tilsette og føresette viser at kvalitet, stabilitet og gode relasjonar blir sett høgt, uavhengig av barnehagestorleik. Kommunedirektøren peikar på at større barnehagar kan gi betre fagmiljø, meir stabilitet og eit framtidsretta tilbod.
Vidare bruk av bygg og økonomiske effektar
Planen legg opp til å nytte eksisterande bygg på nye måtar, framfor å leige eller la bygg stå tomme. Endringane vil krevje investeringar, men samla sett gi kommunen innsparing. Arbeidsplassar i bygdene skal styrkast, og bygga skal framleis kunne nyttast av lokalsamfunna på same måte som før.
Kommunedirektøren si tilråding
Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget, høyringsinnspela og dei økonomiske og demografiske utfordringane, tilrår kommunedirektøren at Ulstein kommune organiserer grunnskulen i tre skular.
- Ulstein ungdomsskule
- Ulsteinvik barneskule
- Hasund barneskule
Dette skal sikre stabile rammer, betre fagleg leiing, effektiv ressursbruk og gode læringsmiljø for elevane i framtida.
Framlegget til vedtak er:
- Barneskulane Haddal og Ulstein skule vert slått saman med Ulsteinvik barneskule, gjeldande frå 1. august 2026.
- Ulstein kommunestyre ber om at ein iverksetter prosess for å endre skulekrinsgrensene i tråd med punkt 1.