– Eg er ekstremt stolt av laget mitt!

Ulstein kommune toppar Kommunebarometeret 2022 - før alle andre kommunar i landet.

Kommunedirektør Verner Larsen og ordførar Knut Erik Engh jublar over topplassering i Kommunebarometeret, og feirar med papirkonfetti. Dei lovar kake til alle tilsette i kommunen. Janne-Marit Myklebust   

Ordførar Knut Erik Engh og kommunedirektør Verner Larsen gliser heilt rundt i eit regn av konfetti, når dei endeleg får lov til å dele den glade meldinga om at Ulstein kommune har tatt førsteplassen i Kommunebarometeret 2022. 

– Det ligg ein vilje blant dei tilsette i kommunen til å levere gode tenester. Dei tilsette leverer dag etter dag, og strekker seg langt. Det vert gjort ein formidabel innsats i organisasjonen, seier Larsen.

– Eg er ekstremt stolt av laget mitt, seier Engh.

Lenke: Heile rapporten kan du lese her (PDF, 2 MB)

Kommunebarometeret

Det er Kommunal Rapport som står bak Kommunebarometeret.

Kommunebarometeret er ei måling som vert publisert av Kommunal Rapport kvart år, basert på fjorårets tal. Her vert alle landets kommunar rangert etter 151 nøkkeltal, på tvers av 12 ulike sektorar (grunnskule, pleie og omsorg, barnevern, barnehage, helse, sosialteneste, kultur, miljø, sakshandsaming, vatn og avløp, økonomi, kostnadsnivå).

Les kva Kommunal Rapport skriv om Ulstein her: Sentrumsutvikling tar Ulstein til topps

– Vi gjer det svært bra innan skule og helse og omsorg, og så har vi ein del å gå på når det gjeld barnevern og økonomi, summerer Engh opp.

– Men eg er stolt av barnevernet vårt, legg han til.

– Dei har forbetra seg mykje og jobbar systematisk. Og det som er bra med Kommunebarometeret er at det også gir oss klare svar på kva vi treng å jobbe meir med.

Hekkeløp

Å toppe Kommunebarometeret krev hard jobbing i ein stor organisasjon. Å halde seg på topp krev også vidare jobbing.

– Ambisjonen er å ligge på topp ti. Vi ser at det er vanskeleg å halde pallplassen over tid. Det er som med 400 meter hekk. Du må utvikle deg litt meir enn konkurrentane dine for å kome først over målstreken. I dei kommunale tenestene er det slik at det vil vere enkelt å ta ut ein stor gevinst når du har stort forbetringspotensial, mens dette vil vere langt vanskelegare om du allereie stanger i toppen. 

Å kvile på lauvbæra er altså ikkje aktuelt - i lengda.

– Men vi må få lov til å klappe oss sjølve på skuldra og vere stolte og glade over kva vi har fått til. Eg gler meg til kvar gong Kommunebarometeret vert publisert, for å sjå kva vi har vorte betre på og kva vi må jobbe vidare med, seier Engh.

– Og no vert det kake på alle 800 tilsette!

Topplista - Kommunebarometeret 2022

Topplista - Kommunebarometeret 2022
Plass Kommune Poengsum
1 Ulstein 3,918
2 Lier 3,905 4
3 Gjerdrum 3,898 9
4 Stjørdal 3,888 2
5 Horten 3,886 1
6 Oppdal 3,842 5
7 Kongsberg 3,834 8
8 Ås 3,827 3
9 Bjørnafjorden 3,805 8
10 Stange 3,801 5

 

PS. I 2021 kom Ulstein på ein andreplass. Les meir om det her: Ulstein - nest best i landet