– Det har vore eit privilegium

– Det har vore eit privilegium

Avtroppande ordførar, Knut Erik Engh, har leia sitt siste kommunestyremøte for denne perioden. Om ein månad overlet han ordførarklubba til Stian Skorgen Scheide.

Knut Erik Engh i salen på Sunnmøre folkehøgskule. - Klikk for stort bileteKnut Erik Engh, etter å ha leia sitt siste kommunestyremøte for perioden 2019–2023. Janne-Marit Myklebust

– Det har vore ei fin reise å vere ordførar i åtte år. Det er ikkje gitt. Eg har glad for å ha fått denne tilliten og moglegheita, seier Engh, etter å ha leia sitt siste kommunestyremøte 14. september.

Om ein månad gir han ordførarklubba vidare til noverande varaordførar Stian Skorgen Scheide. 

Her er det nye kommunestyret.

Scheide og Høgre tok ein knipen siger framfor Framstegspartiet ved kommunestyrevalet. For Engh er det naturleg at det er det største partiet som får ordføraren. 

Stian Skorgen Scheide tek Knut Erik Engh i handa. - Klikk for stort biletePåtroppande ordførar, Stian Skorgen Scheide, takkar avtroppande ordførar Knut Erik Engh. Om ein månad er det Scheide som er ordførar i Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Godt samarbeid

Høgre har gått saman med Senterpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, og partia har til saman 17 av dei 25 representantane i kommunestyret. Lisa Mari Breivik Anderson frå Senterpartiet vert ny varaordførar når det nye kommunestyret konstituerer seg 19. oktober.

– Det har vore eit godt samarbeid i kommunestyret og i administrasjonen. No går kommunen inn i ei ny tid der det skal skje, og har skjedd, store endringar. Det er tilsett to nye kommunalsjefar, og snart må vi ut og rekruttere ny kommunedirektør, det vert ny ordførar og ny varaordførar. Kanskje er det godt med forandring. Kanskje er det det vi treng. Eg ser fram til å ta fatt på nye utfordringar, helsa Engh til kommunestyret.

Han har sjølv fast plass i komande periode.

Marsipankake med partilogoar på. - Klikk for stort bileteEin siste kakefest for kommunestyret for 2019–2023. Janne-Marit Myklebust

It's been a pleasure!

Kommunedirektør Verner Larsen takka også avtroppande kommunestyremedlemer og Knut Erik Engh for innsatsen.

– De hadde vel knapt landa i stolen før koronapandemien trefte oss. Heldigvis har vi fortrengt ein god del av det, sa Larsen.

– Og då vi skulle få att pusten, busette vi 200 flyktningar. Det har vore mykje som kunne utfordra denne organisasjonen. Likevel har vi kome oss gjennom dette på ein svært god måte. Takk for fleksibiliteten de har vist. Takk for samarbeidet. Det er ikkje sjølvsagt at det skal vere slik. Og takk for samarbeidet med deg Knut Erik. It's been a pleasure doing business with you!

12 går ut

I kommunestyret er det no 12 representantar som går ut. Nokre vert vara, andre gir seg i lokalpolitikken – for no. Dei som går ut er Ivar Mork og Magnar Hatløy frå Arbeidarpartiet, Nils Einar Garnes og Einar Nevstad frå Framstegspartiet, Berit Overvåg Hjorth og Håvard Stave frå Høgre, Kersti Hasund frå Sosialistisk Venstreparti, Oddvar Gjerde frå Senterpartiet, Berit Lyngstad frå Venstre, Susanne Sundgot, uavhengig, og Jostein Sætrenes, Håvard Ringstad og Steinar Torvik frå Kristeleg Folkeparti.

Sistnemnde, Steinar Torvik, seier at det har vore ei lærerik og spennande reise å vere folkevald i 12 år.

Steinar Torvik i kommunestyresalen på Sunnmøre folkehøgskule. - Klikk for stort bileteSteinar Torvik gir seg i lokalpolitikken etter 12 år som folkevald. Janne-Marit Myklebust

– Eg oppdaga tidleg at det fine med å vere politikar er at du opplever at folk du er ganske usamd med, kan du ha eit godt kameratskap og ha det kjekt saman med likevel. Det har vore ei fin oppdaging. 

Torvik takka for samarbeidet med kollegaene i kommunestyret, og retta også ein takk til dei tilsette i Ulstein kommune.

– Eg har skjønt at vi har eit fantastisk team. Eg vert stolt når vi får kommentarar - både "når om djupet" og "sørafor" når folk seier "Look to Ulstein". Vi har fått til ting andre har kjempa med. Mellom anna eit godt samarbeid her i salen. Eg vel å tru, og eg har eit ønske om, at det nye kommunestyret får til det same. Og ære vere dei av dykk som vert med vidare dei fire neste åra, helsa Torvik.