I år har valstyret i Ulstein prøvd å legge ekstra godt til rette for at folk skal kunne førehandsrøyste. Årsaka er todelt. Koronapandemien gjer at vi ønskjer å unngå lange køar på valdagen, men vi ønskjer også å vere mest mogleg tilgjengeleg for at flest mogleg skal få høve til å nytte røysteretten sin.
Fredag 3. september besøkte vi både Ulstein vidaregåande skule og Sunnmøre folkehøgskule. Begge stadene var det mange førstegongsveljarar som var ivrige etter å få nytte røysteretten. Vi er svært nøgde med å nå så mange unge veljarar, og at dei er så ivirige etter å delta. Vi tok imot om lag 40 røyster på Ulstein vidaregåande, og om lag 100 på folkehøgskulen. Fleire av elevane hadde allreie førehandsrøysta før vi kom.
Laurdag 4. september opna vi for første gong for røysting på kjøpesentra Amfi og Blåhuset. Ein stor suksess det også, og 159 personar nytta seg av røysteretten denne dagen.
Også ordføraren har førehandsrøysta.
Ordførar Knut Erik Engh førehandsrøysta ved Ulstein bibliotek.
Janne-Marit Myklebust
Totalt har våre dyktige røystemottakarar teke i mot godt over 1700 røyster i Ulstein til no. Ved tidlegare val har rundt 1200 nytta høvet til å førehandsrøyste.
Av alle førehandsrøystene vi har teke imot, er det 200 som har røysta frå andre kommunar enn Ulstein.
Vi gler oss til innspurten, og oppmodar alle som har bestemt seg for kva dei skal røyste, om å gå og røyste. Vi er på Ulstein bibliotek frå 09.00-16.00. Torsdag har vi langope frå 07.00-20.00.
Godt val!
Dei politiske partia hadde stands utanfor Blåhuset, laurdag. Inne var det mogleg å førehandsrøyste.
Janne-Marit Myklebust