Kommunale planar

Kommunale planar

Kommunen har spesifisert i ulike planar at vi skal ha fokus på, og arbeide godt med, tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge.

Her finn de lenker til ulike planar som er aktuelle og utdrag frå planane som seier noko om dette. 

8 Befolkning og levekår

Mål:
"Barn og unge skal ha eit sunt og inkluderande oppvekstmiljø som gir dei høve til å oppleve mestring og utvikle sine evner og interesser".

Strategi:
"Ha eit særleg fokus på barn i førskulealder og skulealder og deira familiar med sikte på tidleg oppdaging av vanskar".
"La samordning av tenester og brukarfokus stå sentralt i kommunen sin tenestestrategi".

Vår aller viktigaste samfunnsressurs er innbyggjarane våre. For å skape det samfunnet vi ønsker no og i framtida, treng vi gode levekår. Ulstein kommune skal vere ein kommune det er godt å vekse opp og bu i. Levekårsplanen skal legge ei strategisk retning for korleis det skal skje, og fungere som eit overordna styringsverktøy. Levekårsplanen skal gjelde for heile Ulsteinsamfunnet og har som mål at vi saman, på tvers av sektorar og bransjar, leverer gode tenester og skaper gode løysingar for utviklinga av kommunen vår. (Henta frå innleiinga til levekårsplanen 2020-2032). 
 

 

Helse- og omsorgsetaten
Mål: Tidleg innsats for barn og unge
Tiltak: BTI (betre tverrfagleg innsats) og God oppvekst i Ulstein

 

Sjå også andre planar og styringsdokument - der finn du blant anna: