- Vil gjere skulen til ein sosial møteplass

Grendelaget på Flø har teke over gamle Flø skule frå Ulstein kommune. Dei får med seg 300.000 kroner frå kommunen for å kunne ta att noko av vedlikehaldsetterslepet.

- Dette gir ein god start for oss, og vi er også glade for at Hugo Opdal held fram med å skape aktivitet på huset i form av ulike kunstprosjekt. Etter kvart vil vi også prøve å skape meir aktivitet sjølve, få tatt i bruk salen til treningar og også få leigd ut til selskapslokale. Men då må vi først få på plass eit kjøkken, seier Marius Rosbach frå grendelaget, som fortel at dei også ønskjer at skulen skal verte ein møteplass for innbyggarane på Flø.

Synfaring på Flø. F.v. Marius Rosbach frå grendelaget, ordførar Knut Erik Engh, Hugo Opdal og leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Aage Christensen. Janne-Marit Myklebust

Denne veka møttes grendelaget og kommunen på Flø for å ta ei lita synfaring. I sommar vaska Ulstein Eigedomsselskap huset og skifta nokre vindauge, slik at grendelaget i sommar fekk gitt den gamle skulen eit etterlengta strok med måling. 

- Det er vel første gong på ti år at bygget har fått seg eit strok med måling. Men det held seg godt. No står ingenting på skade, seier Rosbach.

Kommunen har også ordna med rømingsvegar og nye brannalarmar før grendelaget tok over.

- Kommunen er svært glade for at grendelaget no har teke over bygget og vil fylle det med aktivitet og liv - og skape nye verdiar, seier leiar i Ulstein Eigedomsselskap, Aage Christensen.

- Det er gledeleg at vi har kome i mål med avtalen, for det har vore ein lang prosess, innrømmer han, og rosar samarbeidet med Flø grendelag.

- Det har vore eit veldig godt samarbeid. Eg opplever grendelaget som konstruktive, interesserte og "fram i skoa".

Hugo Opdal er fast leigetakar i den gamle skulestova på Flø. Det ønskjer han å halde fram med, og han har fleire store kunstprosjekt på gang. Janne-Marit Myklebust  

Ti år

Det har teke ti år frå tanken om at grendelaget skulle ta over skulen vart realisert. Og først no er avtalen i hamn.

Ordførar Knut Erik Engh legg heller ikkje skjul på at ti år nok er nokre år for lenge.

- Vi var opptekne av å få på plass like avtalar for både Eiksund skule, Dimna skule og Flø skule. Det var nok den største feilen vi gjorde, fordi alle tre grendelaga har ulike føresetnader for å skulle ta over eit slikt bygg, og der bygga sjølve også har ulike eigenskapar.

I dag står det berre att å få på plass ein avtale for gamle Dimna skule. Eiksund skule vart nyleg teke over av ein privat aktør - også med lokal tilknyting.

- Med overføringa av Eiksund og Flø vil vi ha litt meir kapasitet til å vende blikket mot Dimna att, seier Aage Christensen.

- Eg håper vi kan få til ei god løysing også der.

Tidlegare Flø skule. Janne-Marit Myklebust