Vil frede borgstova

Vil frede borgstova

Borgstova - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust «Det faktum at en bygning fra slutten av 1500-tallet er bevart midt i Ulsteinvik sentrum er utrolig spennende og også ganske unikt.»

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Borgstova på Petterbakken i Ulsteinvik sentrum er mellom dei eldste bygga i Ulstein. Fylkeskulturavdelinga i samarbeid med NTNU gjennomførte i haust dendrokronoliogisk datering av bygget, og har fastlått at bygget er frå om lag 1580. Som ein følge av dette er no bygget forslått freda.

Borgstova - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust Arkitekt og rådgivar hos Møre og Romsdal fylkeskommune, Ola Hjelen fortel at dei, trass 12 prøver, ikkje fekk eit presist byggeår, men at resultata viser at borgstova er oppført ikkje lenge etter 1580.

«Det faktum at en bygning fra slutten av 1500-tallet er bevart midt i Ulsteinvik sentrum er utrolig spennende og også ganske unikt. Den eneste datert til denne perioden i Ulstein kommune. I fylket som helhet finnes det også kun et fåtall ikke-kirkelige bygninger datert til 1500-tallet.» skriv Hjelen om borgstova.

Borgstova stod først på Nautøya før ho vart flytta til Vikemyra og Vikgarden i andre halvdel av 1700-talet. Opphavleg var det ei røykstove med røykomn i eine hjørnet og ljore (opning) i taket.

Borgstova - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust Bygningar som er datert til før 1650 vert erklært for automatisk freda (kulturminnelova § 4). Hjelen bed difor om ei tilbakemelding frå kommunen om aksept for at borgstova vert erklært automatisk freda. 

Saka skal til handsaming i formannskapet 25. januar 

- På bakgrunn av den høge alderen vil vi halde fram med ein nøye dokumentasjon av bygningen gjennom 3D-skanning, teikning, bygningstekniske skildringar og foto. Vi vil også gjennomføre ein komplett tilstandsanalyse. Då bygningen no er datert til før 1650, vil vi dekke alle kostnader ved desse undersøkingane, skriv Hjelen.

Borgstova - Klikk for stort bileteNytt og gammalt i kontrast. Janne-Marit Myklebust