– Vi skal vere takksame, og særleg min generasjon, for fred er inga sjølvfølge

– Vi skal vere takksame, og særleg min generasjon, for fred er inga sjølvfølge

Russepresidenten framfor mikrofonen med Ulstein Mannskor bak. - Klikk for stort bileteRussepresident Jakoba Solvang heldt tale. Janne-Marit Myklebust

Plenen utanfor Ulstein rådhus var måndag 8. mai fylt opp av menneske som ville vere med då Ulstein Mannskor inviterte til markering av frigjerings- og veterandagen.

Markeringa var felles med veteranforbundet for alle kommunane på Søre Sunnmøre.

Russepresident i Ulstein, Jakoba Solvang, var spesielt invitert til å halde ein tale.

– Dette er ein viktig dag å markere, og ei påminning om kor viktig det er å verne om demokratiet og fridomen og stå opp mot undertrykking og intoleranse. Vi må ikkje gløyme ofra frå krigen, og vi må halde fram med å lære av historia og sikre ei rettferdig og fredeleg framtid helsa ho.

Publikum i parken klappar. Fem ordførarar fremst. - Klikk for stort bileteMange ville vere med for å markere 8. mai. Representantar frå fleire kommunar var til stades. Her med ordførarane frå Hareid, Volda, Ulstein, Ørsta og Herøy. Janne-Marit Myklebust

Solvang fortalde også om Ragnar Ulstein, som det står ei byste av utanfor rådhuset. 

– Han var ein aktiv sabotør under andre verdskrig, og han var oppteken av at folk skulle få høyre om den brutale realiteten under krigen. Vi må aldri gløyme. Etter krigen er det knapt nokon som har skrive om og intervjua fleire krigsveteranar enn han.

Mannskor i grå jakker samla rundt bysta av Ragnar Ulstein. - Klikk for stort bileteUlstein Mannskor står bak markeringa 8. mai, og samla seg rundt bysta av Ragnar Ulstein. Janne-Marit Myklebust

Solvang minte alle om at fred ikkje er sjølvsagt, og at vi har krigen tett på oss i Europa.

– Vi må heidre våre heltar og veteranar og minnast alle som kjempa for landet vårt. Vi må huska at sjølv i dag er det mange som kjempar for fridomen sin rundt om i verda, mellom anna i Ukraina. Krigen har kome tett på oss. Dei kjempar ein kamp som krev vår merksemd og støtte. Difor må vi også bruke dagen i dag til å minne oss sjølve på kor viktig det er å stå saman og kjempe for andre sin fridom også. Vi er heldige som lever i fine og frie Noreg. Vi skal vere takksame, og særleg min generasjon, for dette er inga sjølvfølge. Vi får tru på det vi vil og elske den vi vil, utan konsekvensar. Slik er det ikkje nødvendigvis for alle andre. Vi lever i verdas beste land! 

To militære med norsk flagg og ein veteran med FN-flagget. - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust Russ utanfor rådhuset som lyttar til talane. - Klikk for stort bileteRussen tok del, spesielt invitert til markeringa. Janne-Marit Myklebust Gruppe av menneske sett bakfrå. - Klikk for stort bileteMange tok del i markeringa. Janne-Marit Myklebust Janne-Marit Myklebust