Vi lanserer Min kommune

Vi lanserer Min kommune

På Min.kommune.no finn du post, skjema, fakturaer, eigedomsinformasjon, byggesaker og andre opplysningar som gjeld deg sjølv – alt samla på ein stad. Nils Ertesvåg, Eli Marte Dalhaug og Anita Sundnes er tre av medlemene i digitaliseringsrådet i Ulstein kommune. No gler dei seg over å lansere Min kommune til innbyggarane. Janne-Marit Myklebust  

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Logg inn på Min kommune her: 

Min kommune

 

Min kommune skal vere den digitale inngangsporten for kommunikasjon mellom innbyggarar og kommune. Her finn du lenker til kommunale- og nasjonale tenester.

Innhald

Når du loggar på vil du få oversikt over post som er sendt til deg frå kommunen, oversikt over tomter og bustader som du eig, meldingar frå Skatteetaten, krav og betalingar, kven som har henta skattekortet ditt, inntekt og arbeidsforhold. Her kan du også melde flytting, adresseendring, og få informasjon sendt til deg frå vegvesenet, Altinn, Nav, folkeregisteret, Helsenorge m.m.

Tenesta er ei løysing utvikla av KS på vegner av kommunesektoren, og dei er opptekne av kva innbyggarane meiner om sida, slik at dei kan tilpasse tenesta best mogleg.

Vi vil gjerne høyre frå deg om du har innspel eller om du lurer på noko. 

Ta kontakt her: 

 

Finn du ikkje det du leitar etter på Min kommune?

  • Brev: Tenesta vil vise det du har fått av digital post frå kommunen sidan 2016. Om du saknar eit brev kan det vere fordi det er brev som ikkje er sendt digitalt, eller at du har fått e-post sendt direkte frå sakshandsamar.
  • Faktura: Her vil du berre sjå fakturaar som er adressert direkte til deg. Du ser ikkje fakturaar frå andre i hushaldninga.