Ver med ut på tur!

Ver med ut på tur!

Ny dato for å vere med på utegruppa! Eit tilbod til folk med kroniske sjukdomar.

Illustrasjon av mann i blå joggedress og cap som er ute og går. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Pixabay.com

Aktivitetsgruppa UTE er for folk med kroniske sjukdomar som diabetes, høgt blodtrykk, hjartesjukdom med meir, for betra helse og livskvalitet. Fokuset er å kome seg i aktivitet til trass for kronisk sjukdom.

Tilbodet vert to dagar i veka i fem veker, til saman ti gongar.

Oppstart: 17. april klokka 09.00.

Oppmøte: parkeringsplassen ved Tufteparken i Bugarden.

Tid: måndag og fredag klokka 09.00 frå veke 16 til veke 21.

Pris: 1020 kroner

Det er 10 plassar på gruppa, og det må vere minst fem påmelde innan 31. mars.

Påmelding til fysio-janne@outlook.com, merk "aktivitetsgruppe", eller ring til 91 68 04 85.

 

Målet er å gå i oppoverbakken i 10-15 minutt til du vert sveitt og andpusten i tillegg til enkle styrke -og koordinasjonsøvingar. Du vil få god hjelp og støtte til å kome i gang, uavhengig av form og tidlegare erfaring med aktivitet.