Ver med på sykle til jobben-aksjonen!

Ver med på sykle til jobben-aksjonen!

Sissel, Cecilie og Kjersti står på plena med sykkelhjelmar og syklar. - Klikk for stort bileteKlare til å ta beina fatt i Sykle til jobben: Frå venstre Sissel Helen Hasund frå oppvekstkontoret, planleggar Cecilie Roppen og fysioterapeut Kjersti Vengen Jensen. Janne-Marit Myklebust

Kom i form og vinn fine premiar med årets Sykle til jobben-aksjon! No kan du utfordre deg sjølv og verte ein del av den nasjonale aktivitetskampanjen, heilt gratis. 

Uansett om du syklar, går på tur i fjellet, tek ein symjetur eller ei danseøkt, tel det som aktivitet og aukar sjansane dine i konkurransen. Registrer aktiviteten din mellom 3. mai og 16. juni for å vere med i trekninga av spennande premiar – samtidig som du vert supersprek. 

Ulstein kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har gått saman for å støtte folkehelse og mobilitet, og sponsar deltakaravgifta for alle som bur eller jobbar i kommunen.

Ver med på årets Sykle til jobben-aksjon og opplev ein vår full av moro, vennskapeleg konkurranse og aktivitet. Meld deg på no og spark i gang ein sunnare og meir aktiv livsstil.  

Les meir og registrere deg i kampanjen her: https://www.sykletiljobben.no/