
Søndag 19.oktober er det klart for årets viktigaste søndagstur.
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og skal opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og moglegheit til eit betre liv.
I Ulstein går vi også i år for fysisk bøsseaksjon, og vi treng rundt 80 personar for å få dekt alle roder.
-
- Søndag 19. oktober
- Frå klokka 14.00
- Inga aldersgrense for å vere med, men du må vere minst 15 år for å gå aleine
- Meld deg som bøsseberar her: Registrering
- Ta kontakt med TV-aksjonskomiteen i Ulstein om det er noko du lurer på
Her kan du lese meir om korleis pengane vi samlar inn vert brukt:
Dette går pengane til 2025 | NRK TV-aksjonen 2025