Ver med og bygg Peparkakelandsbyen 2025!

Ver med og bygg Peparkakelandsbyen 2025!

Rådhuset i peparkakeformat - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust

Kommunen inviterer alle innbyggarar – små og store – til å vere med på årets Peparkakelandsby! 

Peparkakelandsbyen 2025

Kommunen inviterer alle innbyggarar – små og store – til å vere med på årets Peparkakelandsby! Her kan du bruke kreativiteten og bygge alt frå små hus til store slott, og vere med på å skape ei magisk og smakfull utstilling som opnar på Ulstein bibliotek laurdag 6. desember.


Skjema for påmelding
 

Her er lenke til arrangementet på Facebook


Innleveringsfrist

Alle bidrag må leverast seinast torsdag 4. desember kl. 18.00.
 

Kven kan delta?

Alle! Barnehagar, skular, familiar, lag og enkeltpersonar – alle som har lyst til å bidra med sitt peparkakebyggverk.


Premiar

Alle som deltek er med i trekninga av flotte premiar! Her er det ikkje berre smaken som tel – kreativitet og innsats blir sett stor pris på.

 

Korleis levere?

Du leverer peparkakebygget ditt på Ulstein bibliotek, og der blir det stilt ut saman med dei andre bidraga i landsbyen.