Ulstein veks mest på Søre

Ulstein veks mest på Søre

Per Eide Ulstein kommune har den største folketalsveksten på Søre Sunnmøre. Innbyggjartalet var pr. 31. mars 8612, og det er ein vekst på 37 personar sidan nyttår.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

I kommunane i Sjustjerna er det berre Ulstein, Ørsta og Volda som har folketalsvekst.

Ørsta har ein vekst i folketalet på 26 personar, og hadde pr. 31. mars 10856 innbyggjarar.

Volda har ein vekst i folketalet på 23 personar, og hadde pr. 31. mars 10804 innbyggjarar.

Nedgang

Herøy hadde pr. 31. mars 8827 innbyggjarar (-29).

Hareid hadde pr. 31 mars 5098 innbyggjarar (-42).

Vanylven hadde pr. 31. mars 3083 innbyggjarar (-17)

Sande hadde pr. 31. mars 2441 innbyggjarar (-4)