Ulstein ungdomsskule blir lærarutdanningsskule

Ulstein ungdomsskule blir lærarutdanningsskule

Frå venstre: Arne Myklebust (dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning), Tor Arne Aasen (rektor Ulstein ungdomsskule) og Vegard Sæter Gurskevik (skulesjef Ulstein kommune) Per Arne Brandal Ulstein ungdomsskule har inngått samarbeid med Høgskulen i Volda når det gjeld praksis i lærarutdanninga, og blir ein såkalla lærarutdanningsskule (LU-skule).

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Samarbeidet har sitt utspring i nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane 2025 og er ei utviding av den ordinære avtalen som praksisopplæring i grunnskulelærarutdanningane. 
 

Frå venstre: Arne Myklebust (dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning), Vegard Sæter Gurskevik (skulesjef Ulstein kommune), Eivind Patrick Hanevik (studieleiar grunnskulelærarutdanning), Tor Arne Aasen (rektor Ulstein ungdomsskule) og Kjersti Markegård (LU-koordinator og rådgjevar grunnskulelærarutdanning). Per Arne Brandal  – Vi har lenge ønskt oss eit tettare samarbeid med ein ungdomsskule, og det at vi får Ulstein ungdomsskule med på laget vil vere svært positivt for lærarutdaninga ved Høgskulen i Volda. Skulen i Ulstein har gjennom fleire år hatt ei omfattande teknologisatsing og ei særleg kopling til næringslivet, og dette vil vere svært interessant for det vidare samarbeidet, seier LU-koordinator Kjersti Markegård ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

– Sentralt i dette arbeidet er å etablere eit tett samarbeid mellom faglærarane ved HVO og lærarane ved LU-skulane der vi kan etablere felles møteplassar og delta i felles prosjekt som kan vere til gjensidig nytte for Ulstein ungdomsskule og lærarutdanninga ved høgskulen. Målet for partnarskapet er ein betre skule og ei betre lærarutdanning.  Erfaringar frå partnarskap mellom HVO og LU-skulane skal delast og utviklast slik at det kan vere med på å støtte alle skulane som tek del praksisopplæringa, avsluttar Markegård.

Rektor Tor Arne Aasen ved Ulstein ungdomsskule fortel at dei har hatt studentar frå lærarutdanninga i Volda på praksis i mange år, og at det no var på tide å skalere opp det faglege samarbeidet med Høgskulen i Volda.

– Ulstein ungdomskule er ein veldriven kommunal skule, men vi trur at eit tettare samarbeid med HVO vil gjere oss betre i stand til å møte morgondagens utfordringar. Vi legg stor vekt på god involvering av alle medarbeidarane våre, og vi vil no bruke noko tid på finne gode fokusområde for konkret innhald i partnarskapet, seier rektor Aasen.

Rektoren ved Ulstein ungdomsskule fortel at det er eit viktig samfunnsansvar å vere med på å utdanne gode lærarar for framtida.

– Eg trur at vi kan bidra med nyttige tilbakemeldingar frå praksisfeltet til lærarutdanninga i Volda som er viktige for å skape ei god og praktisk retta profesjonsutdanning. For oss er det også viktig å vere oppdaterte når det gjeld forsking og utvikling. Det vi gjer i skulen skal stå solid fagleg grunn, seier rektoren ved Ulstein ungdomsskule.


Målsettingar

Målsettingane for samarbeidet mellom lærarutdanningsskulane og Høgskulen i Volda er:

  • å utvikle kunnskap om korleis ein kan styrke elevane sin motivasjon og læring
  • å styrke skulen si evne til å utvikle seg systematisk og forbetre lærarane si kompetanse
  • å styrke lærarutdanninga gjennom større integrering av disiplinfag, profesjonsfag og praksis
  • å gjere forsøk med nyskapande undervisning innanfor trygge rammer
  • å støtte og utvikle profesjonell praksisopplæring med høg kvalitet
  • å støtte og utvikle praksisnære FOU-prosjekt
  • å drive forsking og utviklingsarbeid i skulane
  • å drive forsking og utviklingsarbeid i lærarutdanninga

 

[Bilde og tekst: Per Arne Brandal, Høgskulen i Volda].