Ulstein – før og etter

Ulstein – før og etter

Eiksund med både Eiksundsambandet og ferja i same bilde. No kan du finstudere Ulstein og nabokommunane ved hjelp av flyfoto. 

Samanstilling av to bilde frå ulike tidsepokar.  - Klikk for stort bileteEiksund 2016 versus Eiksund 1979. Norgeibilder.no

 

Dette er eit samarbeidsprosjekt i regi av kartverket, der kommunane har vore med å betale for å få gjort eldre flybilde tilgjengelege i den nasjonale kartløysinga Norge i bilder.

Du kan lese meir om prosjektet på nettsidene til Kartverket.

Slik går du fram

  • gå inn på norgeibilder.no
  • søk på Ulstein i søkefeltet til høgre (området vert då merka i grått på Noregskartet):
Kartutsnitt. - Klikk for stort bileteSkriv inn kva område du ønsker å studere. Norgeibilder.no
  • zoom inn på området du ønsker å studere nærare (anten ved å bruke + eller - til venstre i kartet, eller å rulle med musepeikaren)
  • klikk ein gong inne i kartet
  • vel “sammenligne bilder”: 
Kartutsnitt. - Klikk for stort bileteNår du har funne området du vil sjå før- og etterbilde av, kan du trykke ein gong inne i bildet. Norgeibilder.no

 

  • når du dreg i midtstreken ved å halde inne musepeikaren din, kan du lett sjå endringane i bildet. Nesten som ei tidsreise.

 

Då er det berre å starte på moroa! 

Legg merke til uftyllinga på Sjøsida i sentrum, 1979 versus 2016:

Kartutstnitt. - Klikk for stort bileteUlsteinvik, 2016 versus 1979. Norgeibilder.no