Trivselstiltak i krinsane

Illustrasjonsfoto. Pixabay Det er mogleg å søke restmidlar frå ordninga «Trivselstiltak i krinsane».

Levekårsutvalet deler årleg 200.000 kroner til nye tiltak og investeringar i krinsane, som har til føremål å auke trivsel og bulyst. Levekårsutvalet fordelte i vår 140.000 kroner av desse midlane, og har no ein rest på 60.000 kroner til fordeling. 

Søknadsbeløpet kan utgjere 50 % av totalkostnaden.

Pengane kan gå til organisasjonar heimehøyrande i krinsane i Ulstein, med unntak av sentrumskrinsen. Døme: idrettslag, grendelag og andre lag som jobbar for auka trivsel og bulyst i krinsen.

Søknadsfristen er 1. september. 

Retningslinjer for tildelinga finn du HER (DOCX, 2 MB).

Kontakt

Leif Ringstad
kultursjef
E-post
Mobil 473 01 332