Trekking av bustadtomter på Skeide

Trekking av bustadtomter på Skeide

Ordførar Knut Erik Engh og varaordførar Stian Lehmann Scheide i aksjon med trekking av bustadtomter på Skeide. Janne-Marit Myklebust Ordførar Knut Erik Engh og varaordførar Stian Lehmann Scheide fekk det ærefulle oppdraget med å gjennomføre trekking av bustadtomter på Skeide. Resultatet finn du her!

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Gratulerer til alle som har sikra seg gode tomter! Og frå no er det første mann til mølla-prinsippet som gjeld, for alle dei gode tomtene som er att, seier ordførar Knut Erik Engh.

20 av om lag 50 tomter er trekte og fordelt mellom 33 søkjarar. Nokre fekk dessverre ikkje tildelt tomt i denne omgang, då fleire hadde søkt på dei same tomtene, men der er fleire tomter att for dei som ønskjer å busette seg i flotte omgjevnader på Skeide.

Her kan du sjå korleis trekkinga gjekk føre seg: 

Og slik vart resultatet: