Trafikklysregulering på fylkesveg 25

Klikk for stort bileteI samband med utbygginga av bustadfeltet på Skeide skal det også verte bygd fortau langs del av fylkesvegen.

På oppsida er det snakk om rundt 250 meter, og på nedsida om lag 30 meter til ny busslomme. Ulstein Entreprenør AS startar arbeidet måndag 26. april, og det vert lagt opp til kortast mogleg anleggsperiode.

Med to byggelag på prosjektet reknar dei med å gjere arbeidet ferdig til 1. juli i år.

Fylkesvegen vert open for trafikantar i anleggsperioden, men regulert med trafikklys.

Les meir om bustadfeltet på Skeide her.

Klikk for stort bilete 

Kontakt

Odd Kåre Wiik
avd. leiar drift og anlegg
E-post
Telefon 70 01 76 14
Mobil 916 16 381