Til lykke med samefolkets dag!

Til lykke med samefolkets dag!

Ordførar Stian Skorgen Scheide har vore med på markering av samefolkets dag i Ulstein kyrkje. Les helsinga hans her. Gratulerer med dagen! Vuorbbe biejvijn! Læhkoeh biejjine! Lihkku beivviin!

Gratulerer med dagen!

markering av samefolkets dag - Klikk for stort bilete privat

 

6. februar er samane sin nasjonaldag. Søndag vart dette markert i Ulstein kyrkje. Rolf Anders Hætta imponerte med vakker joik, og ordførar Stian Skorgen Scheide heldt ei lita tale som de kan lese her:

 

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen! Eller LIHKKU BEIVVIIN, som det heiter på nordsamisk. Alle dei andre variantane av samisk, skal eg overlate til dei som er så heldige at dei verkeleg kan språket.

6. februar – samenes nasjonaldag – har vorte ein nasjonal festdag for å markere stoltheit over samisk kultur, identitet, språk og historie. Noko vi sjølv, som enkle nordmenn, kanskje tek veldig for gitt, men som urfolket vårt har kjempa for i tiår etter tiår.

Den første store samlinga av samiske kvinner og menn skjedde i Trondheim i februar 1917. Dette markerte starten på arbeidet med å samle det samiske folket til ein nasjon. Det har ikkje vore eit enkelt arbeid. Det har teke mange år med kulturkamp og språkkamp.

Vi har kome eit stykke på veg, med eigne parlament, eigen samisk nasjonalsong, og stolt flagging på den samiske nasjonaldagen, over heile landet.

Men samar har opplevd – og opplever framleis fordommar, diskriminering og rasisme.

I Ulstein skal vi vere betre enn dette. Vi skal vere ein kommune der alle kulturar er velkomne, og der mangfaldet gjer oss sterke, opne og inkluderande. Ulstein skal vere din kommune, like mykje som det er min kommune.

Eg er svært glad over initiativet til å markere samefolkets dag her i kyrkja i dag. Det er gjennom slike små, men store markeringar, at vi viser at vi bryr oss om kvarandre.

Til lykke med dagen