Klargjering av vaksiner ved helsestasjonen i Ulstein.
Janne-Marit Myklebust
Vaksinasjon av risikogrupper mot influensa og korona, i tillegg til pneumokokkvaksinasjon (mot lungebetennelse) av 65-åringar er del av eit nytt nasjonalt vaksenvaksinasjonsprogram. Målet med vaksenvaksinasjonsprogrammet er å forebygge alvorleg sjukdom, sjukefråvær og dødsfall.
Det blir sett opp ein ekstra vaksinasjonsdag på Ulstein helsestasjon fredag 9. januar 2026 frå kl 14-15.
Tilgjengelege vaksiner:
• Pneumokokkvaksine (redusert pris til alle født i 1960)
• Influensavaksine
• Koronavaksine
Vaksine mot pneumokokk er no tilgjengeleg
Du bestiller tid og type vaksine via det nye programmet helsestasjonen nyttar seg av, Helseboka.
Bestill tid her
Pris for vaksinane
| Vaksine | Pris |
| Influensavaksine | 301 kroner |
| Koronavaksine | 110 kroner |
| Pneumokokkvaksine | 110 kroner (+900 kroner om du ikkje er født i 1960) |
| Influensa- + koronavaksine | 386 kroner |
| Influensa- + pneumokokkvaksine | 386 kroner (+900 kroner om du ikkje er født i 1960) |
| Korona + pneumokokkvaksine | 170 kroner (+900 kroner om du ikkje er født i 1960) |
| Alle tre vaksinar | 471 kroner (+900 kroner om du ikkje er født i 1960) |
| MERK: Personar født i 1960 vil som ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet få gratis pneumokokkvaksine. Oppgitt pris er for sjølve vaksineringa. Pneumokokkvaksinen gir livslang beskyttelse. |
Det er mogleg å bestille tid for andre, dersom dei ikkje er digitale.
Snakk med legen din om du er usikker på kva for vaksinar du bør ta.
Her er meir informasjon om:
Koronavaksine
Influensavaksine
Pneumokokkvaksine
Kontakt helsestasjonen ved Kari Brandal om der eventuelt er andre spørsmål: 47 75 47 74
Illustrasjon: FHI