– Takk for ein fantastisk innsats i årets TV-aksjon!

– Takk for ein fantastisk innsats i årets TV-aksjon!

Ulstein er på andreplass i fylket over givarglade innbyggarar. Til saman samla vi inn 784 281 kroner til årets TV-aksjon. 

Bøsseberarar - Klikk for stort bilete

Berre Smøla gav meir per innbyggar i Møre og Romsdal.  Ulstein er på ein 43. plass nasjonalt, blant landets 356 kommunar. Totalt i Noreg er det per 23.10.2023 samla inn 273 747 956 kroner.

– Eg er svært stolt og glad over innbyggarane i Ulstein, som viser at dei bryr seg ved å engasjere seg, seier ordførar Stian Skorgen Scheide, som også har leia TV-aksjonskomiteen i Ulstein.

Pengane i år går til Redd barna sitt arbeid for barn og unge som er råka av krig.

Mellom anna sprang skulane inn om lag 290 000 kroner, og næringslivet stod for 83 000 kroner.

Barn som spring. - Klikk for stort bileteSkuleløp ved Ulstein skule, til inntekt for TV.-aksjonen 2023. Aud Janne Hatlebakk

 

– Vi skal vere utruleg stolte over givargleda i Ulstein kommune. Eg vert rørt, seier Scheide.

– I tillegg klarte vi å dekke 79 av 81 roder. Det må vi seie er ein suksess.

For eit djupdykk i statistikken for Ulstein og andre kommunar, kan du sjekke ut TV-aksjonen si nettside.

Kommunestyresalen full av folk. - Klikk for stort bileteBøsseberarane troppa opp på rådhuset for å få tildelt roder og bøsser. Stian Skorgen Scheide