10. august gjekk fristen ut for å gi innspel i saka om innsparingar i oppvekst- og kultur.
Sjå meir om saka her: Prosjektside
Kva skjer når du har sendt inn innspela dine?
Når du har sendt inn innspel til ei høyring, får du ikkje svar med ein gong.
Men vi les alt som kjem inn, og tek det med når vi skal vurdere saka.
Innspela dine vert tatt med vidare, og politikarane får lese dei når saka skal opp i dei politiske utvala. Då får dei også ei kort forklaring frå kommunen om kva vi tenkjer om innspela, og kva vi foreslår å gjere med dei.
Slik kan du følgje saka vidare
Du kan følgje med på dei politiske møta for å sjå når saka skal opp, og kva som blir bestemt.
Denne saka kjem til handsaming i politiske møte frå veke 35. Sakspapira vil vere klare om lag ei veke før. Etter at saka har vore oppe i alle utvala, skal ho opp til endeleg avgjerd i kommunestyret 11. september.
Du finn oversikt over møta her: Møtedatoar
Hald engasjementet oppe! Tips finn du her: Slik kan du påverke - Ulstein kommune