Steg 1: Framlegg frå kommunedirektøren
5. november la kommunedirektør Jarl Martin Møller fram sitt forslag til budsjett for 2026 og økonomiplan for 2026–2029. Presentasjonen var på Ulstein bibliotek og markerte starten på den politiske budsjettbehandlinga.
Kommunedirektøren sin budsjettpresentasjon vart strøyma via Ulstein bibliotek si facebookside og Vikebladet.
Du kan lese presentasjonen her:
Budsjett- og økonomiplan 2026-2029
Steg 2: Budsjettbehandling i folkevalde organ
Lurer du på korleis du kan påverke? I første omgang kan det vere lurt å ta kontakt med dei folkevalde. Elles finn du råd om korleis påverke HER.
Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget.
Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde.
formannskapet: 6. november, 18. november og 25. november
fellesrådet: 11. november
levekårsutvalet: 12. november
ungdomsrådet: 12. november
teknisk utval: 13. november
kommunestyret: 11. desember
Steg 3: Høyring før vedtak i kommunestyremøtet
Formannskapet vil kome med si tilråding 25. november om kva dei meiner kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan. Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.
Du kan sende ein høyringsuttale til og med 10. desember 2025.
Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med “Innspel til økonomiplan”. Uttalen må vere levert til kommunen seinast 10.12.2025 kl. 15.00.
Endeleg budsjettvedtak vert gjort i kommunestyret 11. desember 2025.
Politiske spørsmål og svar
Vi publiserer fortløpande spørsmål og svar som kjem inn i høve budsjettprosessen.
Sjå kva som rører seg her.