Svært god folkehelse i Ulstein

Svært god folkehelse i Ulstein

Per Eide Folkehelsa blant innbyggarane i Ulstein er på mange punkt klart betre enn i Noreg generelt. Livskvaliteten blant ungdom trekker spesielt opp.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

På sju område kjem Ulstein ut blant dei ti beste kommunane i landet. Det viser folkehelseprofilen 2020 frå Folkehelseinstituttet.

– Dei sterke resultata fortel mykje om dei gode kvalitetane i lokalsamfunnet vårt. Det er verdifullt å minne kvarandre på dette akkurat no, seier ordførar Knut Erik Engh.

– Eg trur den gode folkehelsa vil vere med på å hjelpe oss gjennom den vanskelege koronatida. Eit fellesskap der folk skapar gode liv for seg sjølve og kvarandre, er ein del av kriseberedskapen vår. Det er noko vi får igjen for når det røyner på. Og dette er ei svært krevjande tid for mange, seier Engh.

Positivt engasjement

– Det er ei oppgåve for heile lokalsamfunnet å fremje god folkehelse og skape eit positivt engasjement i koronatida. Eg gler meg over initiativa som både enkeltpersonar, organisasjonar, næringsliv og kommunale tenester tek. Kampanjen «I same båt» er eit bidrag her, seier ordføraren.

Han deler uroa som har kome fram i ungdomsrådet og fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne: Både eldre og unge saknar sosial kontakt og det å vere med på aktivitetar.

– Med kreative tiltak kan laga og organisasjonane våre bøte på dette saknet. No får vi verkeleg bruk for skaparkrafta og den sosiale berekrafta i Ulstein-samfunnet, seier Knut Erik Engh.

I landstoppen på fleire område

Den nasjonale folkehelseprofilen 2020 viser blant anna dette:  

På 19 av dei 34 undersøkte områda ligg Ulstein klart over landsnivået.

På sju område kjem Ulstein ut blant dei ti beste kommunane i landet. Dei sju områda er

  • god drikkevassforsyning

  • innlegging for skadar på sjukehus

  • kor nøgde ungdom er med lokalmiljøet

  • i kva grad ungdom er med i fritidsorganisasjonar

  • kor einsame ungdom er

  • i kva grad kvinner røyker

  • i kva grad ungdommar er nøgde med helsa 

Kvaliteten på drikkevatnet og kor nøgde ungdom er med lokalmiljøet er dei to områda der Ulstein skårar aller høgast.

På to område skårar Ulstein klart under landsnivået: kor nøgde ungdom er med kollektivtilbodet og bruk av antibiotika.

– Det er svært gledeleg at Ulstein gjer det så sterkt i folkehelseprofilen. Dette kjem ikkje av seg sjølv, men av systematisk innsats frå både kommunen og alle gode krefter lokalt. Resultata motiverer til å gjere endå meir for å skape eit samfunn som er godt å leve i for alle, seier ordførar Knut Erik Engh.I folkehelseprofilen har Folkehelseinstituttet samanstilt data frå ulike offentlege kjelder. Last ned folkehelseprofilen 2020 for Ulstein kommune. (PDF, 2 MB)

Folkehelse og sosial berekraft

Folkehelseprofilen skal blant anna hjelpe kommunane til å utvikle lokalsamfunn med sosialt berekraft, som er eitt av FNs berekraftsmål. Både sosial berekraft og folkehelse handlar om å fremme ei samfunnsutvikling som

  • set menneskelege behov i sentrum 

  • gir sosial rettferd og like livssjansar for alle 

  • legg til rette for at dei som bur i lokalsamfunnet, kan påverke forhold i nærmiljøet og elles i kommunen 

  • legg til rette for deltaking og samarbeid