Stor respons på folkehelseundersøkinga

Stor respons på folkehelseundersøkinga

- Vi treng å vite korleis folk i alle aldrar og begge kjønn har det i fylket vårt, seier Petter Jenset, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Elin Melby Over 21 000 har allereie svart i den første folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal. – Men vi ønsker fleire svar frå menn mellom 18 og 45 år!

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Sidan undersøkinga starta den 1. februar, har 21.000 innbyggarar i fylket svart. Det er over 38 prosent av dei som er spurt, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

– Det er ein god start, men vi ser at det er fleire kvinner enn menn som svarer, og fleire eldre enn yngre. Vi ønsker oss særleg fleire svar frå menn i alderen 18 til 45, seier Petter Jenset, rådgivar friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.

Les meir om folkehelseundersøkinga her.

Spør om trivsel

Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet (FHI), og den vil gi fylkeskommunen og kommunane viktig informasjon om helsa, velferda, trivselen og livskvaliteten til innbyggarane. Undersøkinga varer til 14. februar.

Over 54 000 utvalde personar over 18 år har fått invitasjon til å delta på sms og e-post.

– Vi ønsker å vite korleis innbyggarane sjølve opplever kvardagen sin, og da er det viktig med svar frå alle aldersgrupper.

– Vi er også opptatt av korleis svara varierer med kjønn, alder, utdanning og region, seier Jenset.

Vil gi kunnskap

Undersøkinga inneheld spørsmål som trivsel i nærmiljøet og deltaking i organisert aktivitet. Den spør også om helse og korleis folk kjem seg til og frå skole eller jobb.

Svara som kjem inn vil gi kunnskap som er viktig for å planlegge framtida og utvikle fylket slik at det skal vere godt og leve og bu her.

– Vi er fornøgd om vi kjem oss opp mot ein svarprosent på nærmare 50. Då får vi eit særs godt grunnlag til å seie noko om korleis folk har det i Møre og Romsdal. For at vi skal kunne få god informasjon om folkehelsa i den enkelte kommune, treng vi ca. 400 svar frå kvar kommune, men dess fleire som tek seg tid til å svare, dess betre kunnskapsgrunnlag får både vi i fylkeskommunen og kommunane.

Opplysningane blir lagra og behandla i samsvar med reglar om personvern.