Sommarcamp i Ulstein

Sommarcamp i Ulstein

Gode ting kan ikkje gjerast for ofte. Difor inviterer vi til Sommarcamp 2024! Frist for å melde seg på er 5. juni.

Årets Sommarcamp er sponsa av Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelsen og Ulstein kommune.

Tilbodet er gratis for elevane i 5.–10.-trinn i skuleåret 2023/2024, frå Ulstein kommune.

Ungdomstur til Kjeldsund er for elevane frå 8. trinn–18 år.

Alle må ta med matpakke og ha med klede som er eigna for aktiviteten dei har meldt seg på.

Praktisk informasjon om påmelding

Det er mogleg å melde seg på frå 31. mai klokka 16.00.

Meld deg på her:  https://forms.office.com/e/sQ1xNkMypq

Frist for påmelding er 5. juni.

Du får inga stadfesting på påmeldinga, men alle får tilbakemelding innan 10. juni om kva kurs dei har fått tildelt.

QR-kode for Sommarcamp 2024 - Klikk for stort bilete

 

Her kan du lese meir om dei ulike kursa: 

Ungdomstur til Kjeldsund: 24.–26. juni

Ungdomstur til Kjeldsund med Ung Arena.

Sosial og morosam tur med to overnattingar. Du får moglegheit til å prøve ut mange aktivitetar på vatn og på land. 
 

Kursleiar: Vedrana Terzic 
Dato: 24.juni til 26.juni
Kven kan søke: elevar frå 8.trinn–18 år 
Kursstad: Kjeldsund ungdomssenter 
Plassar: 30
 

Sjø og krabbe: 25.–26. juni

Båttur over to dagar–sette ut teine, koke krabber og grilling på dekk.
Kursleiar: Arnt Skinnes
Dato: 25. juni–26. juni
Kursstad: kaia
Plassar: 15 
 

Be creative: 26. juni

Det vert makronar workshop med kakemeister Cecilie. 


Kursleiar: Cecilie Dimmen 
Dato: 26. juni  klokka 10.00–14.00 
Kven kan søke: elevar frå 8.–10. trinn 
Kursstad: Skollebakken Aktivitetshus 
Plassar: 14 
 

Streetdance: 27. juni

Innhaldet i  danseworkshop:

  • Kva er hip hop-kultur: historie, verdiar og prinsipp
  • Innføring i grunnteknikkar
  • Forstå betre musikk, rytmar og rørsle
  • Innlæring av kombinasjonar
  • Øving i freestyle/improvisasjon

 

Kursleiar: Marvin og Amalie frå Awesome events. Meir info: www.awesome-events.no  
 

Dato: 

  • 27. juni klokka 10.30–12.30 (5.–7. trinn)
  • 27. juni klokka 13.00–15.30 (8.–10. trinn)

 

Kursstad: Ulstein Arena
Plassar: 40 per økt
 

Cupcake-workshop: 1. juli

Det vert cupcake-workshop med kakemeister Cecilie. 
 

Kursleiar: Cecilie Dimmen 
Dato: 1. juli klokka 10.00–14.00
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Skollebakken Aktivitetshus 
Plassar: 14 
 

Open hall: 1. og 2. juli

Ung Arena byr på ulike ballaktivitetar, basseng, turnering, brettspel,  Mesternes Mester og e-sport/gaming. 
 

Kursleiar: Ung Arena Ulstein 
Dato: 1. juli klokka 09.00–15.00 og 2. juli klokka 09.00–15.00
Kven kan søke: Elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Idrettshallen i Ulstein Arena 
Plassar: 50 per dag

Be creative med vinyl: 1.–2. juli

Lær å bruke vinylkuttar for å lage dine eigne design på kle, skilt eller andre overflater.


Kursleiar: Marianne Follesøy Kaldhol  
Tid: 1. juli klokka 10.00–14.00 og 2. juli klokka 10.00–14.00
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Ulstein bibliotek 
Plassar: 14 
 

Matlaging-workshop: 3. juli

Det vert vårull-workshop med  Cecilie.
 

Kursleiar: Cecilie Dimmen 
Dato:  03. juli kl. 10-14 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Skollebakken Aktivitetshus 
Plassar: 14 per dag
 

Kino på Sjøborg

Du kan velje mellom «Gulnebb» (inga aldersgrense ) og «Bad boys 2» (aldersgrense 12 år)
 

Dato: 

Stad: Sjøborg kino
Plassar: 119 elevar per film
Kode: Sommarcamp2024
 

Gaming

På gamingrommet i Ulstein Arena
 

Kursleiar: Ungdom i jobb 
Kven kan søke: elevar frå 5.trinn–10.trinn
Plassar: 6 elevar per økt

Datoar: 

27. juni

  • 5.–7. trinn klokka 12.00–15.00
  • 8.–10. trinn  klokka 15.00–18.00

28. juni

  • 5.–7. trinn klokka 12.00–15.00
  • 8.–10. trinn  klokka 15.00–18.00  

1. juli 

  • 8.–10. trinn klokka 15.00–18.00

2. juli   

  • 8.–10. trinn klokka 15.00–18.00

3. juli   

  • 5.–7. trinn klokka 12.00–15.00 
  • 8.–10. trinn  klokka 15.00–18.00 

4. juli

  • 5.–7. trinn klokka 12.00–15.00 
  • 8.–10. trinn  klokka 15.00–18.00
     


 

handstabel - Klikk for stort bilete pixabay.com

Kontakt

Vedrana Terzic
prosjektmedarbeidar Ung Arena
E-post
Mobil 93 69 04 88