Smitteverntiltak - Har du vore på Austlandet siste veka?

Smitteverntiltak - Har du vore på Austlandet siste veka?

Centers for Disease Control and Prevention  

Regjeringa har frå 23.01.21 kl. 12:00 sett i verk strenge smitteverntiltak i ti kommunar i sentrale austlandsområdet. Dette skuldast smitteutbrot med ein særs smittsom virusvariant. Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet og landet for øvrig.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå disse områda både i arbeid og fritid. Kommuneoverlegen oppfordrar difor alle som har vore på reise i sentrale austlandsområdet dei siste 4 dagane om følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt
  • Bestill time til testing sjølv om du ikkje har symptom.  Ring Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 kl. 8–14 på kvardagar eller send sms for å få test dagen etter (følg lenka)