Smitte i Ålesund gir konsekvensar for besøk i Ulstein

Smitte i Ålesund gir konsekvensar for besøk i Ulstein

Pexels Ålesund, Sula og Giske har sett i verk eigne lokale forskrifter som gjeld i to veker frå 26. april. Dette stiller krav til alle som bur eller oppheld seg i desse tre kommunane, og som reiser til og frå Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

- Ålesund sine reglar gjeld for personar som kjem frå Ålesund til oss, og for dei som reiser inn til Ålesund, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

Det går for tida føre seg eit større koronautbrot i området.

Kommuneoverlegen kjem med desse råda:

- Følg dei grunnleggande smittvernreglane med handvask og avstand. Bruk munnbind dersom avstandskravet på 1 meter ikkje kan følgjast.

- Ta ein test om du har sjølv svake symptom eller om du har vore ein stad der det er risiko for smitte.

- Alle våre serveringsstadar må dei to komande vekene ha skjerpa merksemd på smittevern. Dette omfattar også god registrering av gjester.

- Unødvendige reiser til område med høg smitte (Ålesund og kringliggande kommunar på Sunnmøre) bør unngås. Om du arbeider der, så bruk heimekontor om mogleg.

  • Ver merksam på:
    • Er du i Ålesund og omegn så set deg inn i dei smittevernreglane som gjeld der akkurat no. 
    • Kjem du til Ulstein frå Ålesund og omegn så gjeld reglane i Ålesund for deg også medan du er her.